TIL ÅRDAL: Svein Erik Kjærvik kjem til Årdal i helga for å lese eigne dikt. Besøket er i samband med lanseringa av hans andre diktsamling «Vanntyven». Foto: Privat.
TIL ÅRDAL: Svein Erik Kjærvik kjem til Årdal i helga for å lese eigne dikt. Besøket er i samband med lanseringa av hans andre diktsamling «Vanntyven». Foto: Privat.

Kjærvik til Årdal med ny diktsamling

Svein Erik Kjærvik kjem til Årdal i samband med lanseringa av si andre diktsamling. 

Årdalstangen: Kjærvik har nyleg lansert si andre diktsamling «Vanntyven», og laurdag kjem han til Årdal for å lese eigne dikt saman med gitarist Ørjan Loftheim, som skal setja stemning til lyrikken. Dette skjer på Klingenberg Hotell.

Vanntyv er ei direkte oversetjing av clepsydra, som er det greske ordet for klokke. For om lag 3000 år sidan fann grekarane opp vassuret.

Tid er ein sentral del av livet som synleggjer forandring, og vassuret blei då ein måte å setja eit mål på denne forandringa.

«Augneblinken det eksakte NO bevegar seg som ei bølgje av forandring. Våre liv blir som å surfe på ei uendeleg bølgje av forandring mot kvar vår strand», heiter det i omtalen av diktsamlinga.

Kjærvik er fødd på Årdalstangen i 1964, men er oppvaksen i Moelv i Hedmark. Han jobba på aluminiumsfabrikken fram til han fekk sjukdommen Parkinson som 34-åring. No er foto og skriving sentrale interesser.

Til toppen