KJAPPAST: Eirik Hovland spring i mål som førstemann nokon gong i konkurranseklassen av "Tangen på Kanten". Foto: Ole Ramshus Sælthun 
KJAPPAST: Eirik Hovland spring i mål som førstemann nokon gong i konkurranseklassen av "Tangen på Kanten". Foto: Ole Ramshus Sælthun 

Kjappast under "Tangen på Kanten"

Eirik Hovland blei "historisk" då han vann den første utgåva av "Tangen på Kanten" under Fjord til fjell-dagane.

– Eg måtte jo leggja lista, seier ein andpusten Eirik Hovland (20) etter å ha sprunge det 5,9 kilometer lange løpet med 145 høgdemeter på 26 minuttar og 25 sekundar.

Erstattar "Aosen Opp"

"Tangen på Kanten" er nytt av året og gjekk av stabelen under Fjord til fjell-dagane laurdag. Løpet erstattar "Aosen Opp", og går rundt Årdalstangen og over moloane på kvar side av Hæreidselva. Det er både trimklasse og konkurranseklasse.

– Me hadde lita deltaking på "Aosen Opp" samstundes som det var mykje arbeid. Så i år prøver me dette, fortel Johnny Svåi frå Skigruppa til Årdalstangen IL.

Saman med Skigruppa til Jotun IL står dei som arrangørar. Og det ser ut til at dei har lukkast med å skapa eit løp som gjev større deltaking blant trimmarane.

– Me hadde berre tjue-tretti i trimklassen under Aosen Opp. Så langt har det vore femti i denne klassen her i dag, og eg reknar med me kjem opp i sytti til slutt, seier Svåi.

Likte løypa

I konkurranseklassen stilte 27 løparar til start. Eirik Hovland frå Årdalstangen var altså kjappast av alle og vann såleis klassen Menn 18-29 år.

– Eg fekk ei luke ganske fort og auka den noko frå Hæreid. Men eg var no redd nokon skulle koma og ta meg att.

Nest kjappast sprang Ola Seim, også han frå Årdalstangen. Tida hans vart 27 minuttar og 12 sekundar, og dermed vann han klassen Gutar 12-17 år.

Artikkelen held fram under biletet

NEST KJAPPAST: Ola Seim kjempar seg i mål, og var nest kjappast gjennom løypa.
NEST KJAPPAST: Ola Seim kjempar seg i mål, og var nest kjappast gjennom løypa.

Løpet inngår i "HMR-trippelen" som for utan "Tangen på Kanten" består av Vettisløpet og "Tur til Tusen".

Hovland, som satsar langrenn på Lillehammer, fortel han tykte løypa arrangørane hadde lag opp til var fin: 

– Krevjande og kuppert - klarte ein å auka farten i motbakkane fekk ein luke. Men det blir tøffare konkurranse neste år - ein del spreke folk i Årdal var på løp andre stader i dag.

Mellom anna gjekk løpsutgåva av Birken av stabelen i dag, samt at det var trappeløp i Høyanger. Kor vidt "Tangen på Kanten" blir eit årleg innslag skal arrangørane no evaluera.

– Det er jo altså fleire andre løp samstundes, så me gjer ei evaluering til seinare, fortel Svåi.

Sprek løpar på 78 år

Den første utgåva av "Tangen på Kanten" trekte i alle fall til seg folk i alle aldrar - det vart ein eigen fellesstart for dei aller minste. Og samstundes kom den aller eldste i mål. Marta Eldegard.

– Kor gamal er du?

– Du, eg er urgamal. Sikkert den eldste her i dag.

Det kunne arrangørane stadfesta, og Eldegard avslører at ho er 78 år.

IMPONERANDE: 78 år gamla Marta Eldegard (i raudt) har nyss gjennomført "Tangen på Kanten".
IMPONERANDE: 78 år gamla Marta Eldegard (i raudt) har nyss gjennomført "Tangen på Kanten".

– Eg kom no rundt på halvannan time. Det må no vera bra, det. Og eg må halda meg i form - eg som har så mange jentungar.

Sjå fleire bilete frå "Tangen på Kanten" og Fjord til Fjell-dagane elles på Porten i morgon, søndag.

Til toppen