LIV: Kjartan Lauritzen er kjend for å ta den heilt ut på scena. No skal han stå på Meieriet to dagar på rad.
LIV: Kjartan Lauritzen er kjend for å ta den heilt ut på scena. No skal han stå på Meieriet to dagar på rad. (Foto: Sunniva Knutsen)

Kjartan Lauritzen solgte ut to konsertar på Meieriet på 24 timar

Det tykkjer bror og manager, Theodor Sigurdsson Kvikne, er heilt vilt.

Sogndal: – Det har alltid vore eit mål for oss å selga ut Meieriet, men at det skulle skje på denne måten er heilt absurd, seier han. 

Frå 100 besøkjande til utsolgt

Hausten 2016 vitja han og Kjartan Lauritzen konsertscena på Meieriet for fyrste gong. Den kvelden kom det rundt 100 for å sjå på. No har dei solgt ut to konsertar på ei helg. 

– Den opprinnelege konserten blei solgt ut på to minutt, det er heilt sinnsjukt. Bookingagenten vår har vore i gamet i mange år, og sa han aldri hadde vore borti liknande, seier Kvikne.

Brødrene tykte det var dumt at ikkje alle studentane fekk moglegheita til å koma på konsert då den blei så fort utsolgt.

– Dermed kasta bookingagenten vår seg rundt og fiksa det. Eit døgn seinare var ekstrakonserten òg utsolgt. 

Gler seg til å opptre i eige fylke 

No ser dei fram til å herje på det som kanskje er Noreg si mest kjende konsertscene for studentar.

– Meieriet er kjent for å vera ein dødskul plass å spela, og det blir ekstra kjekt for oss sidan det er på heimebane. 

Me er klare for å rive ned heile jævla Meieriet

Theodor Kvikne

Har lenge hatt Kjartan i kikkerten

Informasjonsansvarleg i Studenthuset Meieriet, Martinus Dale, er òg nøgd med å få Kjartan Lauritzen på scena i haust. 

– Me har hatt han i kikkerten lenge, så det var på tide at me fekk han hit. Og no gjekk det jo veldig bra i tillegg, seier han.

Dale legg ikkje skjul på at responsen var endå større enn forventa.

KLAR: Kjartan Laurtizen er klar for det som kanskje er Noreg si beste konsertscene. Foto:  Sunniva Knutsen

– Ein konsert utsolgt på to minutt er ganske bra, det gjekk endå raskare enn me hadde tenkt. 

Treff studentmassen godt 

Han trur konserten kan bli ein av dei beste Meieriet har hatt på lenge. 

– Eg trur me har fått ein artist som treff studentmassen ganske bra, han er jo eit fenomen.

Sjølv har han tenkt å ta turen på konsert for å sjekka tempen denne kvelden.

– Eg må nesten innom sjølv når det er blitt så stort som det er blitt, seier han.

Kvikne lovar at publikum skal få valuta for pengane sine denne kvelden. 

– Me har jo vore der sjølv på andre konsertar, så me veit kva Meieriet leverar. No er det opp til oss å levera òg. Publikum er bra, så får me sjå om me greier å innfri. 

Til toppen