Årdal: – Absurd deilig å endeleg få presentera Kjartan Lauritzen til Målrock 2018, seier Festivalsjef i Målrock, Thomas Norheim Moen.
Festivalen meiner at det er ingen andre artistar i Norge som lagar meir show frå scenekanten «fenomenet frå Balestrand».
– Kjartan Laurizten er eit fyrverkeri av ein artist, og syng på klingande nynorsk. Han famnar jamvel alle aldersgrupper. Det ligg så absolutt an til ein grisebra Målrockfestival i 2018 – vonar mange vil bli med på festen.
Slik var det då Balestrand-artisten besøkte Skral Festivalen tidlegare denne månaden:
Står bak «Havanna» og «Fredag»
Eigentleg heiter han Per Áki Sigurdsson Kvikne (20) og kjem frå Balestrand, men på scena er han Kjartan Lauritzen.
Det starta i 2014, då han kom ut med «Lekeplass» under namnet Kjartan Lauritzen Quartet. Sidan har han gitt ut to EP-ar, Mestertyv og Fenomenet.
Det store gjennombrotet kom i 2015 med låta «Havanna». Året etter fekk han ein endå større hit med «Fredag», som i dag er høyrt over 5 millionar gongar på strømmetenesta Spotify.
Under P3 Gull i 2017 blei han nominert både i klassen årets nykommer og årets liveartist. I oktober same år heldt han konsert for eit utseld Rockefeller.
Kjartan Lauritzen er den siste artisten på Målrock-programmet for i år. I tillegg skal mellom anna Eva Weel Skram, Åge Alexandersen, Gåte og årdølen Frida Hunshammer.