Indre Sogn: Klokka 11:14 vart det meld om ei trafikkulukke på E16 ved avkjørsla til Jordalen mellom Stalheimskleiva og Gudvangen. Åtte personar i tre bilar er involverte i ulukka, og det er ikkje meld om alvorlege personskader.

Vest politidistrikt melder om at personane er vakne og bevisste, men at ein airbag er utløyst i ein av bilane.
Bilane står utanfor vegen og det er ikkje snakk om trafikale problem på staden.
Me oppdaterer saka. Har du tips eller bilde? Send det gjerne til tips@porten.no