GRÜNDERKAMP: Jens Grytbakk Klingenberg, Jens Offerdal Lysne, Even Stubhaug og Kenneth Dvergsdal. Foto: Linda Nordheim
GRÜNDERKAMP: Jens Grytbakk Klingenberg, Jens Offerdal Lysne, Even Stubhaug og Kenneth Dvergsdal. Foto: Linda Nordheim

Kjekk oppleving - sjølv utan topplassering

Elevane frå Årdal vidaregåande skule er no ferdig med den nasjonale energitevlinga i Trondheim, i regi av Ungt Entreprenørskap og Enova. 

Kenneth Dvergsdal, Jens Offerdal Lysne, Jens Grytbakk Klingenberg og Even Stubhaug frå automasjonslinja ved Årdal vidaregåande skule deltok denne veka i den nasjonale finalen, etter dei vart nummer to fylkesfinalen i Enova sin gründercamp i november, med forslaget om elektriske bussar i Årdal. 

Elevane var på plass i Trondheim måndag, og var med på bli-kjent aktivitetar og ulike foredrag på NTNU om miljø og energi i framtida. Klokka 12 tysdag fekk dei utdelt oppgåva, som dei jobba med fram til morgontimane onsdag. 

– Det var ganske intensivt, men ei kjekk oppleving å vera med på. Elevane er godt nøgde, seier Linda Nordheim, faglærar i automasjon ved Årdal vgs. 

Oppdraget elevane fekk var å finne ei løysing på transport i ein by eller tettstad. Årdals-elevane jobba vidare og forbetra løysinga dei kom med sist, nemleg elektriske bussar i Årdal. Eit av elemanta dei forslo for å få folk til å bruka bussane, var parkeringsavgift i sentrum. 

– Me hadde ambisjonar om å koma med blant topp seks, slik at me kunne syne fram ideen vår framfor alle, men det gjekk ikkje heilt etter planan. Me er nøgde, men sjølvsagt litt småsure for å ikkje kome vidare, sjølv om eg synest det gjekk bra, seier Kenneth Dvergsdal, som er gruppeleiar for laget frå Årdal. 

Han tykkjer det var mange gode idear frå laga som deltok, sjølv om nokon var litt for framtidsretta for vår tid. 

Kring 30 lag frå heile landet deltok i landsfinalen i Trondheim frå 2. til 4. februar. Det er det sjuande året på rad Enova og Ungt Entreprenørskap utfordrar ungdom og arrangerer klimakamp for elevar på vidaregåande skule.

Til toppen