Årdal: – Det er kjekt å vera her og treffa andre og vera med dei. Og so er det kjekt å gå rundt juletreet, og moro når nissen kjem, seier borna på biletet under. Og dei tykte det var kjekt å få ein liten pakke av han. Etter å ha fortalt dette heldt dei fram gøymeleiken som dei hadde byrja med.

Nissen kom etter at alle hadde sete til bords ei stund
Både store og små gjekk kring treet og song mellom andre songar Så gjør vi så når vi vasker vårt tøy, Eg gjekk meg over sjø og land og musevisa.

Etter å ha både sunge og gått ikring treet med stor iver, fekk forsamlinga velfortente kaker, kaffi og saft å hyggja seg med.
Og so, då alle hadde fått sitja ved borda ei stund, tok Kristin Jevnaker Seim frå arrangementsgruppa til ungdomslaget ordet. Ho høyrde med borna om dei kunne gå på scena og syngja På låven sitter nissen.
Då dei alle hadde sunge høgt og flott om nissen som truga med si store skei, so banka det på det den frostige ruta utanifrå. Det var nissen som var i ferd med å finna vegen inn i julestova.
Årets juletrefest var heilt gratis

Årets juletrefest i Seimsdalen ungdomshus var den tredje på rekka sidan han vart oppattstarta i romjula i forfjor. I år var han heilt gratis, og ikkje berre takka vera all den gode dugnadsinnsatsen på kake- og kaffifronten.
Indre Sogn sparebank løyvde ungdomslaget i Seimsdalen 50 000 kroner i år gjennom gåveinstituttet. Pengane går til å skipa juletrefesten, jonsoksfest og til å byggja på ungdomshuset med eit lite utbygg. Juletreet vart sponsa av Asperheim gard.