SPENTE DAGAR: Allereie om to dagar kan vi få vite korleis Fylkesmannen skal vere organisert i framtida, ifølgje kjelder Porten.no har snakka med. Her talar fylkesmann Ann Karin Hamre under den offisielle opninga av Høgskulen på Vestlandet.
SPENTE DAGAR: Allereie om to dagar kan vi få vite korleis Fylkesmannen skal vere organisert i framtida, ifølgje kjelder Porten.no har snakka med. Her talar fylkesmann Ann Karin Hamre under den offisielle opninga av Høgskulen på Vestlandet. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Kjelder til Porten.no: Framtida til Fylkesmannen blir avgjort på fredag

Hundrevis av statlege arbeidsplassar står på spel når regjeringa fredag truleg legg fram den framtidige organiseringa av fylkesmannsembetet.

Leikanger: I skuggen av kommune- og regionreforma har det pågått ei anna reform som kan få minst like store følgjer for innbyggjarane i Sogn. Det handlar om korleis Fylkesmannen skal vere organisert i framtida.

Ein rapport frå 2016 konkluderte med at opp mot 570 arbeidsplassar står i fare i Leikanger, Sogndal og Luster dersom offentlege oppgåver blir flytt ut av Sogn og Fjordane. Fleire har peika på at nettopp Fylkesmannen held «korthuset» oppe: ryk Fylkesmannen, kan resten av dei statlege arbeidsplassane gå med i dragsuget.

På nyåret har vi både fått ein ny storkommune og blitt ein del av Vestlandet. Men kvar Fylkesmannen skal halde til og kva funksjonar embetet skal få, har det vore tyst om. Til no.

Ifølgje kjelder Porten.no har snakka med er det nærast garantert at den avgjerda kjem fredag.

– Eg kan ikkje stadfesta det, anna enn me har fått signal om at avgjerda skal takast i løpet av første kvartal, seier ei løndomsfull Ann Karin Hamre, fylkesmann i Sogn og Fjordane.

Les også: Kommunereforma: Kan kome avgjerd i kveld

Spaninga knytt til om regjeringa lyttar til Vestlandet

Heller ikkje statssekretær Paul Chaffey (H) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil gå god for våre spådomar.

– Saka er framleis under handsaming i departementet og det er ikke sett noko tidspunkt for ei avgjerd. Fram til då kan vi ikkje gå inn på nærare detaljar knytt til framtidig struktur for fylkesmenna, seier han.

Høgst truleg vil inndelinga av fylkesmannsembeta følgje regionreforma, som på våre breddegrader betyr at regionen Vestlandet vil få felles Fylkesmann.

Les også: Leikanger kan bli ribba for statlege arbeidsplassar

Den store spaninga er knytt til om regjeringa vil følgje intensjonsavtalen Sogn og Fjordane og Hordaland signerte då dei gjekk inn for samanslåing. Der er det teikna opp ein delt fylkesmannsmodell med kontor begge plassar, men med leiinga på Leikanger.

– Eg forventar at regjeringa lyttar til fylkeskommunane og intensjonsavtalen som ligg der. Men dette veit me ikkje noko om før departementet har sagt sitt, seier fylkesmann Hamre.

To fylkesmenn, to ulike konklusjonar

Sterke røyster har tala for det motsette: altså for meir sentralisering og for Bergen som naturleg sete for Fylkesmannen. Mellom anna var det konklusjonen då ei prosjektgruppe i Kommunal- og moderniseringsdepartementet la fram sin rapport i sommar.

Blant dei er òg fylkesmann i Hordaland, Lars Sponheim.

– Når det gjeld kontoret til fylkesmannen her i Bergen, så er det for oss litt opplagt. Staten må ha ein fylkesmann i den nest største byen i landet, var hans klare tale i eit intervju med NRK i oktober i fjor.

Kollegaen i Sogn og Fjordane fryktar derimot uheldige konsekvensar dersom Leikanger skulle tape drakampen med Bergen. Årsaka er dei store avstandane ein slik storregion vil få, kombinert med arbeidsoppgåvene Fylkesmannen er sett til å utføre.

– Då risikerer vi at lokalkunnskap går tapt, seier Hamre.

Til toppen