Sogndal: Prisen vart delt ut då Sogndal IL hadde årsmøte denne veka og er ein pris som skal heidre folk for innsatsen dei legg ned.
Hovudpersonen sjølv meiner det er tilfeldig at akkurat han fekk prisen i år sidan det er mange som fortener han.
– Men eg synest det er kjekt å få ein slik pris sjølvsagt, seier han.
Viktig ressursperson
Nornes er aktiv i alpintgruppa og vart foreslått av andre medlemmar i laget.
– Han har i alle år vore ein engasjert far og trenar og er ein viktig ressursperson inn i gruppa. Sjølv om han ikkje lenger har ungar som er med i idrettslaget, er han likevel med og bidreg i miljøet, seier leiar i idrettslaget Cecilie Thaule Løvlid.
– Han har også teke trenarkurs og stilt opp for at ungane skal få ei flott økt i skibakken. Dessutan er han flink med tilbakemeldingar og til å engasjere.
– Brenn for sporten
I grunngivinga vart det også framheva at han har hjarte for barna som skal på ski og Hodlekve.
– Eg har vore med lenge og brenn for sporten. Miljøet er ikkje så stort at det går av seg sjølv, så ein treng alle gode krefter, seier Nornes.
Elles vart heile styret gjenvalt på årsmøtet. Det betyr at Thaule Løvlid held fram som leiar. Lilly Schøyen er nestleiar, og styret består elles av Jan Erik Weinbach, Svein Hågård, Tommy Harjo, Tonje Norheim Tangerud og Kristine Celius med Harald Hjermann som vara.