NOTERTE: Fylkesordførar lytta nøye og noterte ned alt som vart sagt om industriutviklinga som vert jobba med i Årdal. Odd Arne Fodnes og Terje Laberg informerte om dei to store industriprosjekta på Hydro og Norsun. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NOTERTE: Fylkesordførar lytta nøye og noterte ned alt som vart sagt om industriutviklinga som vert jobba med i Årdal. Odd Arne Fodnes og Terje Laberg informerte om dei to store industriprosjekta på Hydro og Norsun. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Kjelsnes imponert over arbeidet som blir gjort innan industri

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) lot seg imponere over arbeidet Årdal kommune gjer for å få dei store aktørane til å investere i bygda.

Årdal: Fylkesordføraren besøkte Årdal måndag, der ho blant anna fekk ei innføring i arbeidet som blei gjort rundt industriutvikling på Hydro og Norsun.

Dei to prosjekta det var snakk om var karbonprosjektet på Hydro på Årdalstangen og ei mogleg utviding av Norsun-fabrikken på same stad. 

– Eg synest det er utruleg spennande og imponerande, men eg er ikkje så veldig overraska ut frå korleis eg kjenner årdalssamfunnet frå før. Dei er alltid langt framme, heilt verdsleiiande innanfor grøn teknologi, og her er det snakk om to store prosjekt som kan bety mykje for heile regionen, seier ho til Porten.no etter ei innføring frå Odd Arne Fodnes i Årdalstangen Kjemiske Arbeidarlag og næringssjef Terje Laberg.

Viktig signal for Årdal

Førstnemnde understreka kor viktig ei utvikling på anodefabrikken på Årdalstangen er for heile lokalsamfunnet, ikkje berre dei tilsette.

– Me seier at Hydro har lurt oss ved fleire høve. Me hadde blant håpa at teknologien som vart utvikla her skulle nyttast her, men piloten blei lagt til Karmøy.

Artikkelen held fram under biletet.

SIGNAL: Odd Arne Fodnes i Årdalstangen Kjemiske Arbeidarlag informerte om karbonprosjektet og kva signal dette vil sende til Årdal.
SIGNAL: Odd Arne Fodnes i Årdalstangen Kjemiske Arbeidarlag informerte om karbonprosjektet og kva signal dette vil sende til Årdal.

– At me får eit utbygd anlegg vil vera eit greitt signal å gi Årdal. Men så er me i den situasjonen at me ikkje har flust med arealplass rundt oss. Det er snakk om å utvida eksisterande bygningar, og i Noreg er det Årdal og Sunndalsøra som produserer anodar. I Sunndal har dei god plass, fortel han.

Plassmangel

I Årdal er det to omnar, omn 3 og 4, og i dette tilfellet er det snakk om omn 4 som skal utvidast. Den har i dag ei levetid til 2021. Samstundes er det eit akutt behov for anodar, og i dag kjøper Hydro dette frå blant anna Kina. 

– Utfordringa med omn 4 er at den ligg i ein slik posisjon at ved å forlenga bygget kjem me opp mot hovudvegen, så her vil det koma eit skriv til kommunen og fylket. Me håpar på å få maks utbygging, forklarar Fodnes.

Det vil gje ei dobling av dagens produksjon. Fodnes sit i styringsgruppa som skal gi si innstilling på dette. Innstillinga vil koma ved årsskiftet er det sagt, men til sjuande og sist er det Hydro som avgjer.

Parallellt med dette jobbar også kommunen via Årdal Utvikling med å få til ei utviding på Norsun. Terje Laberg, dagleg leiar i Årdal Utvikling, fortel at årsakene til at kommunen er med her er for å syne til Norsun kvifor dei skal satse her og ikkje i andre land. 

Meir enn dobling av produksjon

Også her var plass ei utfordring, men som no er løyst. Andre hinder på vegen er byggherre Siva, som eig bygget, men ifølgje Laberg er det lite truleg at dei vil stå i vegen. I tillegg vil investeringar i Noreg bli dyrare enn i utlandet.

– Eg kan ikkje seia så mykje, men det eg kan seia er at i dag er det 80 trekkarar. Det er rimeleg å tru at marknaden til Norsun har eit behov som gjer at dei skulle hatt 130 til, helst i går. Spørsmålet er om dei skal gjera det her eller ein annan plass. Det er mange fordelar ved å utvida eksisterande, og det er til fordel for Årdal. 

Artikkelen held fram under biletet.

UTVIDING: Årdal Utvikling og Terje Laberg har investert mykje tid og ressursar for å få Norsun til å utvida produksjonen sin i Årdal.
UTVIDING: Årdal Utvikling og Terje Laberg har investert mykje tid og ressursar for å få Norsun til å utvida produksjonen sin i Årdal.

– Eg trur at Norsun seinast må vera i gong sju kvartal framover. Dei har dårleg tid. Elles vil kundane finna seg andre leverandørar. I andre halvår av 2016 må det meste vera banka. Det blir ein spennande vinter for Årdal, seier han.

Grønt skifte

At Årdal går spennande tider i møte var eit syn Kjelsnes også delte. Med det grøne skiftet som eit superaktuelt tema i den politiske debatten, burde desse prosjekta vera midt i blinken, meiner ho.

– Det er mange som meiner me må ta vår del av utviklinga fordi me er eit fylke som eigentleg har ein del fornybare ressursar. Det som kan bli utvikla og skapt her i Årdal er heilt i øvste klasse. Alle gode krefter må gjera det dei kan for å få dette realisert. Det vil vera eit stort steg på den vegen Sogn og Fjordane må gå, seier ho og legg til at Arbeidarpartiet vil vera ein støttespelar for å få dette til på fylkesplan.

Det var noko Fodnes påpeika – at Arbeidarpartiet hadde svikta sentralt i prosessane rundt Hydro si satsing i Årdal, samt at stortingsbenken til fylket ikkje hadde gjort ein god nok jobb.

– No skal ein hugse på at dei fleste andre er større enn vår. For det første vil eg seia at representanten vår, Ingrid Heggø, gjer ein kjempejobb. Det eg har merka meg er at nokre på høgresida ikkje dreg lasset ilag med andre, og ein liten benk har ikkje råd til å plassera beina sine ulike plassar, var Kjelsnes svar til det. 

Etter møtet besøkte Kjelsnes også Sogn Opplæringskontor og Årdal vidaregåande skule. Ho var også innom Gamleskulen.

Til toppen