RASSIKRING: Leiar for Nasjonal rassikringsgruppe, Åshild Kjelsnes, saknar lekkasjar om rassikring i Nasjonal Transportplan. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
RASSIKRING: Leiar for Nasjonal rassikringsgruppe, Åshild Kjelsnes, saknar lekkasjar om rassikring i Nasjonal Transportplan. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Kjelsnes uroa for manglande rassikring i NTP

Det lek frå den Nasjonale Transportplanen (NTP), men Åshild Kjelsnes saknar lekkasjar om rassikring.

Fylket: Kjelsnes er leiar for Nasjonal rassikringsgruppe, og ho tykkjer det er mistenkjeleg stille om rassikring i ei tid der det stadig kjem lekkasjar om vegprosjekt som skal realiserast fram mot 2029.

– Eg er uroa over at det ikkje blir sagt noko i lekkasjane frå NTP om rassikring. Betyr det at regjeringa ikkje har noko ambisjon om å sikre det offentlege vegnettet i den nye planen?

– Altfor mange menneske har altfor lenge måtta leve og bu med rasfare. Det betyr redusert livskvalitet i kvardagen. Alle desse menneska fortener at den byrden vert løfta vekk frå skuldrane deira i Nasjonal Transportplan 2018–2029. Tolmodet er slutt, seier leiar Åshild Kjelsnes i Nasjonal rassikringsgruppe i ei pressemelding.

– Må prioriterast no

Rassikringsgruppa er klar på at det offentlege vegnettet må sikrast mot rasfare innan 2030. I dag er det om lag 1700 slike punkt som ventar på finansiering.

– Rassikring må prioriterast i NTP no, elles betyr det at innbyggjarar over store deler av Noreg må vente i endå fleire generasjonar før skule- og arbeidsvegen deira vert sikra. Det er heilt uakseptabelt, slår Kjelsnes fast.

Torsdag er nettopp dette tema under den nasjonale rassikringskonferansen i Tromsø. Kjelsnes saknar ein heilskapleg plan og meiner denne ambisjonen manglar i grunnlagsdokumenta frå fagetatane.

– Då må me setje vår lit til rikspolitikarane, seier ho.

Rassikringskonferanse i Tromsø

Den nasjonale rassikringskonferansen tek føre seg ei rekke tema knytt til rassikring. Blant dei som deltek er statssekretær Tom Cato Karlsen (FrP), som orienterer om regjeringa sitt arbeid for rassikring.

Mads Gilbert ved Universitetssykehuset Nord-Norge snakkar om medisinsk beredskap i samband med skred, og Odd Hugo Pedersen i Norges lastebileierforbund fortel om erfaringar med næringstransportarbeid på rasfarlege arbeidsvegar.

I tillegg vert det innlegg ved blant andre Statens vegvesen, NVE og politiske innlegg frå medlemmar i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

Til toppen