SIMAS: Dropp dei svarte bossekkane, nytt blanke/gjennomsiktige om du skal kaste bos hjå SIMAS framover.
SIMAS: Dropp dei svarte bossekkane, nytt blanke/gjennomsiktige om du skal kaste bos hjå SIMAS framover. (Bilde: RenoNorden/Arkiv)

Kjem du med svarte bossekkar hjå SIMAS, må du no vise at du har sortert rett

Det kjem fram på nettsidene deira.

Sogn: SIMAS ynskjer at alle skal bli betre på sortering og resirkulering, sidan dei vil ha ressursar på rett veg. Difor innfører dei no bruk av blanke bossekkar til restavfall. På denne måten kan dei lettare sjå kva som ligg i posane. Viss noko er sortert feil, kan dei sortera det rett, skriv SIMAS på sine nettsider.

– Kjem du med svarte bossekkar, må du opne sekken og sortera innhaldet slik at det vert rett. Me gir deg gjerne råd om kva som kan leverast til gjenvinning og kva som skal i restavfall, fortel Kenneth Teigen.

Til toppen