PÅ PALLEN: Årdalstangen IL sikra seg bronse under Dana Cup i Danmark. Simen Heggheim Mannsverk (framme frå venstre), Eirik Lereng, Brage Naustdal, Sivert Mannsverk, Elisa Mittet, Torkel Aaroenes og Mads Solheim Mortensen. Eirik Foss Bolstad (bak frå venstre), Jakob Øren Hovland, Anders Lereng, Sondre Stadheim Hille, Andreas Reseland, Torje Naustdal, Mathias Rinde og Joachim Furset. Foto: Alf Roger Lereng
PÅ PALLEN: Årdalstangen IL sikra seg bronse under Dana Cup i Danmark. Simen Heggheim Mannsverk (framme frå venstre), Eirik Lereng, Brage Naustdal, Sivert Mannsverk, Elisa Mittet, Torkel Aaroenes og Mads Solheim Mortensen. Eirik Foss Bolstad (bak frå venstre), Jakob Øren Hovland, Anders Lereng, Sondre Stadheim Hille, Andreas Reseland, Torje Naustdal, Mathias Rinde og Joachim Furset. Foto: Alf Roger Lereng

Kjem heim med bronsemedalje 

Finaleplassen glapp for gutane frå Årdalstangen IL, men dei kjem heim med bronsemedalje og pokal, som det tredje beste laget av 160 i 15-års klassen. 

Gimletroll IK vart for fysisk tøffe for årdølene i semifinalen fredag kveld. G15 på Årdaltangen IL tapte 2-4 for Gimletroll IK frå Kristiansand. Finaleplassen stod på spel og årdølene var så nære finalen laurdag føremiddag. 

Jamnt, men vart for sterke

Sørlendingane gjekk hardt ut frå start, men det var Anders Lereng som sette inn det første målet i kampen, og til pause stod stillinga 1-0 til årdølene.

I andre omgang tok Gimletroll leiinga med to mål på dødball. Årdølene pressa på, men då det var att 12 minutt sette sørlendingane inn det tredje målet og stillinga var 1-3. Jakob Øren Hovland reduserte til 2-3, med ei nydelig heading. Like etter vart årdølene snytt for ei klar straffe, der sørlendingane så gjekk rett i angrep og sette inn det fjerde målet til Gimletroll IK då var få minutt att av kampen. Stillinga enda 2-4. 

– Me følte me hadde god kontroll på dei og semifinalen var jamn. Men det var store og sterke sørlendingar som tok oss på fysikken. Me har nok eit yngre lag, med meir tekniske og mindre spelarar, seier trenar Alf Roger Lereng. 

Likevel var det ein stolt og glad gjeng som tok imot bronsemedalje og pokal under ein høgtideleg sermoni på Hjørring stadion fredag kveld. 

Nådde målet

Målet for Årdalstangen IL var å koma til semifinalen og er stornøgd med å koma på pallen. Ti av spelarane på laget er frå Årdal, fire frå Florø og ein frå Molde. Lereng er takksam for alle som stilte opp på samarbeidslaget, slik at det var mogleg å reise på turneringa. 

– Det er moro å hevde seg, då det er lag frå store plassar me slåst imot. I tillegg er det ein kjempeprestasjon å bli nummer tre av 160 lag, seier han. 

Det er også andre gong fem av spelarane på laget tek tredjeplass i Dana Cup, det var for tre år sidan. 

Også den tidlegare engelske fotballproffen Mark Falco, som er ven av Lereng, var med å rettleie laget under turneringa. 

– Han krev innsats, jobbing og arbeider med innstilling og haldningar for å få ut det beste i spelarane, noko som passa oss fint. Alle har hatt ei kjempeoppleving og til neste år skal me planlegga meir og ha med oss fleire spelarar til Dana Cup for å klare heile vegen inn, seier Lereng. 

Siktar framover

No ser Lereng framover. Målet med laget er å samla fotballen i Årdal under Årdal Fotballklubb (ÅFK), men då det ikkje lot seg gjere for denne sesongen spelar laget under namnet til Årdalstangen IL. 

– Til neste år ønsker me å stille betre førebudd og med ei spelargruppe der dei fleste er frå vår region, seier Lereng. 

Om du ikkje har fått med deg gutane i Årdalstangen IL sin veg til pallen, kan du lesa meir her. 

Til toppen