KJEM HEIM ATT: Thomas Schoofs Melheim håpar på godt oppmøte når gitarkvartetten han er medlem av skal spela i Hauge kyrkje. Foto: Privat.
KJEM HEIM ATT: Thomas Schoofs Melheim håpar på godt oppmøte når gitarkvartetten han er medlem av skal spela i Hauge kyrkje. Foto: Privat.

Kjem heimatt for å spele konsert i Lærdal

Thomas Schoofs Melheim har dei siste åra studert musikk ved Griegakademiet ved Universitetet i Bergen og har møtt mykje talentfulle musikarar gjennom studia.

Det siste året har han slått seg saman med tre andre gitaristar som studerer ved Universitetet, og måndag kjem dei til Lærdal for å halde gratiskonsert ved Hauge Kyrkje.

Miniturnè i Sogn

Konserten i Lærdal er ein av totalt fire konsertar dei skal spele i Sogn og Fjordane over helga, og dei har allereie vitja Sandane, Leikanger, og Skei.

Seinare i november skal dei også spele på Lysfestivalen i Sollund og arrangere ein eigen konsert i Hyllestad. Schoofs seier til Porten.no at han er nøgd med oppslutninga rundt konsertane dei har spelt, og at han gler seg til å komme til Lærdal.

– Me kontakta fleire kyrkjer rundt om i fylket før me sette opp programmet, og Hauge Kyrkje i Lærdal var ei av dei få som melde si interresse. Eg hadde veldig lyst til å spele her, sidan eg er lærdøl og kjenner fleire av dei som bur i bygda, så eg gler meg veldig til å spele på måndag.

Ingen konkrete planar

Gruppa har spelt i lag i eit år og er eit resultat av felles interresse og speleglede. Kva framtida kjem til å bringe er usikkert, men Schoofs seier dei tek musikken og gruppa veldig seriøst.

– Me vil spele so mykje som mogeleg i lag mens me har høve til det, men har ikkje nokre spesifikke planar for framtida etter me er ferdige me studiumet.

– Me satsar stort sett på å ha det morosamt i lag, og å spele god musikk for så mykje folk som råd medan me har mogelegheita.

Stemningsmusikk for einkvar smak

På programmet står eit utval av låtar som er inspirert av både klassiske og spanske musikkstilar og jazz, og kvartetten lovar ein stemningsfull kveld for alle musikkinteresserte.

– Programmet er særs variert, og består av både arrangement og originale komposisjonar for gitarkvartett. Ein vil få høyre musikk som vekkjer latter, er underfundig og vemodig, og me kan lova god stemning og ei flott musikkoppleving for alle som møter opp.

Konserten startar klokka 18:00 i Hauge Kyrkje, mandag 3. november og er gratis for alle. Gruppa håpar på godt oppmøte og gler seg til å dele musikken sin med heimbygda til eit av medlemma sine.

Til toppen