Lærdal: - Dette er soga om to ætter fra Hallingdal og Sogn på 1700-talet. Vi får høyra om Mette frå Stødno i Lærdal som trassa familien sin og gifta seg med Elling frå Villand i Hol. Vi får høyra om sterke og stride personar, men også om økonomi og næringsliv, rikdom og fattigdon, rettsvesen og straffesystem.
Kjærleik og villskap
Slik omtalar Hans H. Thyri boka han har skrive - "Kjærleikens fjellreise. Soga om Mette Stødno og Eivind Villand". Dottera Borghild Kristin har illustrert boka. Den byggjer på segnene om Mette og Elling, som er fortalde munnleg gjennom generasjonar og er seinare skrivne ned. Både det som er skrive i ulike eldre dokument og dei munnlege segnene, tyder på at dei to fekk eit stormande liv saman. Kjærleik og villskap kom til å prega livet deira.

I tillegg har Thyri brukt sitat frå to bøker av Lers Reinton på Hol og henta opplysningar frå slektssoga som Per Severin Hjermann har skrive om folka på Stødno.
Forståing av fortida
Han fortel noko av tanken med boka er å gjera fortida meir forståeleg:
- Vi får høyra om ulike bygdesamfunn med ulike verdiar. Dette er historier som har levd på folkemunne i desse bygdene fram til vår tid. Det er ei tid fjernt frå vår, men her lever vi oss inn i desse personane, og kanskje forstår vi litt meir av både dei og av tida?»
Forfattaren har tidligere skreve ei rekkje bøker, blant anna om Aurlandsfjellet, Aurlandsdalen og Utladalen.