SINGELKONSEPT: Eirik Sognnes frå Lærdal kjem med eit nytt singelkonsept i 2017. Foto: Jan Christian Jerving.
SINGELKONSEPT: Eirik Sognnes frå Lærdal kjem med eit nytt singelkonsept i 2017. Foto: Jan Christian Jerving.

Kjem med ny singel: – Føler eg har noko viktig på hjartet

Eirik Sognnes frå Lærdal sin draum om å ein dag leve av musikken lever i han framleis.

Lærdal: Kanskje vert 2017 året der den unge musikaren frå Lærdal verkeleg slår gjennom. Det jobbar han iallfall hardt for – og i år kjem han med eit nytt singelkonsept.

– Eg har spelt inn nokre låtar som eg skal gi ut i 2017. Dette er låtar eg føler omkransar den same tematikken. Sjølv om det er fem ulike låtar, er dei litt i same familie likevel, seir Sognnes. 

Redda av kjærleiken

Først ut er singelen «Fri meg» som kjem i slutten av februar. Sjølv om han ikkje vil leggje føringar for lyttaren allereie no, kjem det fram nokon tankar om låtane likevel.

– Den første singelen som kjem er litt slutten av historia eg skal fortelja i løpet av året. Dette er ein song om å bli redda av kjærleiken, fortel han.

– Karakteren har kanskje vore litt ustø og ikkje funne sin plass heilt, men når han finn den rette, fell ting på plass. Det er ein kjærleikssong, men eg føler den rommar litt meir.

Vil gjere det skikkeleg

Sjølve songane er i grunnen ikkje ferske. Nokre av dei er fem-seks år gamle, men har førebels berre levd på konsertscena. Innspelinga starta dei med allereie i påsken i fjor.

– Så me tek oss god tid, smiler han før han blir alvorleg.

– Men eg vil gjerne gjere ting skikkeleg når eg først gjer det. Eg legg mykje tid og av meg sjølv i dette, kanskje spesielt dette prosjektet, som eg føler er sårt og personleg.

Draumen lever

Sjølv om ting tar tid, har Sognnes allereie gitt ut eit par låtar, noko han merkar godt for konsertopplevinga når publikum kjenner til songane, som under Jordeplerock i Lærdal i fjor. Draumen om å bli «rockestjerne» lever framleis i han.

– Det har vore draumen min sidan eg var liten, men altså, kor mange lever av rock i Noreg i dag? Det er få, men det er likevel målet mitt – at eg ein dag leve meir av dette.

– Eg føler eg har noko viktig på hjartet og at eg kan tilføra noko. Eg byggjer stein for stein, tar med god tid og tar ingen snarvegar. Forhåpentlegvis vil det gå.

Til toppen