VIL SELJA: Lise Cirotzki Einemo og mannen Rune vil selja Kvammes kafe og pub. – Det er litt bittert, seier Lise, men ho tykkjer det blir for tungt å driva åleine. Foto: Ole Ramshus Sælthun
VIL SELJA: Lise Cirotzki Einemo og mannen Rune vil selja Kvammes kafe og pub. – Det er litt bittert, seier Lise, men ho tykkjer det blir for tungt å driva åleine. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Kjem til å vera tusken den dagen me reiser herifrå

Lise Cirotzki Einemo og Rune Einemo har teke det tunge valet at dei vil selja Kvammes kafe og pub.

Lærdal: – Skrekken er at nokon kjem her og slår ned alle veggene, seier Lise Cirotzki Einemo.

Ho og mannen Rune kjøpte den ærværdige bygningen av kommunen i 2010 og har sidan drive Kvammes kafe og pub her. Etter å ha vurdert att og fram ei stund har dei no kome fram til at dei vil selja.

– Me har snakka om det ei stund. Grunnen er eigentleg at eg står mykje i kafeen åleine. Så har eg dottera vår her og Rune er mykje på jobb. Så det blir litt for mykje, seier Lise.

Bygning med spesiell historie

Men dei vil altså ikkje selja til kven som helst:

– Det er litt viktig kven som kjøper det. Me ønskjer at nokon driv det vidare, om det er som kafe eller pub. 

Bygningen har ei spesiell historie. Det vart bygd i 1880 som "Lærdalsørens Hotell". Det vart også drive landhandel her. Etter at det vart seld på tvagsauksjon overtok nye eigarar og dreiv det som Kvammes Hotell. 

Under krigen rekvirerte tyskarane hotellet og i 1945 vart det brukt til internering av arresterte norske nazistar. Hotellet vart så drive som pensjonat fram til 1979. Seinare kjøpte kommunen det, og Trevor Potter dreiv kafè her i ei årrekkje.

– Har mista litt piffen

Dei siste seks åra har Kvammes kafè og pub vore ein ynda samlingsstad i Lærdal. Lise og Rune har gjort mykje med bygningen; oppe har dei bygd leilegheit dei sjølve har budd i. I kjellaren har Rune bygd seg ein verkstad og det er rom for ølfat og varer. I etasjen på gateplan er sjølve kaféen.

– Det er nok litt difor folk kjem, me har pussa opp innover i bygningen så det er masse små rom innover. Då kan folk vera litt her og der.

– Korleis kjennest det å skulle selja noko ein har bygd opp slik og som blir sett pris på av mange?

– Det er litt bittert å gje seg. Me hadde ganske store planar då me byrja her. Dei første åra heldt me ope heile året, men etter kvart har eg mista litt piffen. Eg kjem til å vera tusken den dagen me reiser herifrå, seier Lise.

Artikkelen held fram under biletet

MANGE ROM: Dei har bygd seg innover og opna fleire og fleire rom - her den inste puben.
MANGE ROM: Dei har bygd seg innover og opna fleire og fleire rom - her den inste puben.

– Masse gøy med å driva ein slik plass

Rune fortel at plasseringa er optimal 

– Det ligg midt i sentrum og er knytt til alle arrangement gjennom året - marknadane og Kom heimatt, mellom anna. Det er alltid mykje folk når me har musikk her. Og det har vorte meir og meir trafikk ute i gatene ettersom åra har gått.

– Det er masse gøy med å driva ein slik plass. Slitsamt og gøy, seier Lise.

Bygningen har eit bruksareal på nærare 600 kvadratmeter. Dei to er klare på at dei skal selja heile bygningen, ikkje berre deler av den.

Om pris seier Rune følgjande:

– Me takserte bygningen til 2 850 000 i 2011 og har kosta ein heil del etterpå. Me har teke att verandaen på framsida og oppe og gjort diverse oppgraderingar.  Fått inn pelletsomnar, mellom anna.

– Så de kjem heilt sikkert til å selja det viss kjøparen er rett?

– Ja, eigentleg.

Artikkelen held fram under biletet

JULEPYNTA: Hovudpuben framstår i juleskrud. Planen er å halda tre tilstelningar i løpet av jula 2016, som ligg an til å bli den siste jula Lise Cirotzki Einemo driv Kvammes.
JULEPYNTA: Hovudpuben framstår i juleskrud. Planen er å halda tre tilstelningar i løpet av jula 2016, som ligg an til å bli den siste jula Lise Cirotzki Einemo driv Kvammes.

– Har ei veldig god pizzaoppskrift som kan få følgja huset

Likevel er Lise klar på at ho kjem til å driva Kvammes i alle fall til veterancupen siste helga i januar.

– Festen der har eg lova, så dei snakkar vel ikkje til meg att om eg ikkje held den. Det kan henda eg driv til sommaren også, det kjem litt an på fleire ting.

Dei fortel dei har hatt interessentar, men førebels ligg ingen konkret kjøpar føre. Og Lise kan by på ei lita gulrot når dei sel det:

– Eg kan jo hjelpa litt til. Og eg har ei veldig god pizzaoppskrift – den følgjer huset om dei driv det vidare.

Til toppen