TIL ÅRDAL: For andre gong i år står Bjølsen Valsemøller på scena på Bakeriet i det dei kallar «Bjølsen-bastionen» Årdal. Foto: Pressefoto. 
TIL ÅRDAL: For andre gong i år står Bjølsen Valsemøller på scena på Bakeriet i det dei kallar «Bjølsen-bastionen» Årdal. Foto: Pressefoto. 

Kjem tilbake til «Bjølsen-bastionen»

I helga spelar Bjølsen Valsemølle i Årdal, noko frontfigur Trond Ingebretsen alltid gler seg like mykje til.

Årdal: – Årdal har alltid vore ein «Bjølsen-bastion» heilt sidan me spelte der for første gong i '83.

Det er 32 år sidan Oslo-gruppa Bjølsen Valsemølle spelte i Årdal for første gong. Sidan då har årdølene alltid digga austkant-musikken med arbeidarklassen som tema.

– I Årdal har me ein trufast gjeng med tilhengjarar. Den første tida trur eg dei som blei dei faste som alltid kom på konsertane, var unge gutar som jobba på verket. Det er kanskje den profilen og grunnhaldninga i musikken vår som trakk dei. Dette med arbeidarklasse og solidaritet gjorde eit eller anna, seier Ingebretsen.

Trivst på Bakeriet

Laurdag står han og resten av Bjølsen Valsemølle på scena på Bakeriet for andre gong. Utanom Påskerock var Oslo-gruppa det første bandet utanbygdsfrå som spelte på Bakeriet. 

– Dei er ein god del yngre dei som var på førre konsert i mai, men det er berre moro. Bakeriet er veldig fint. No har me berre den eine erfaringa, men det var veldig god stemning og unge damer framføre scena. Det er litt uvant, og då blir jo karane i bandet litt oppspelt, smiler Ingebretsen.

Politisk album

Bjølsen Valsemølle er aktuelle med nytt album «Tider skal komme», som har fått god respons. Dette er det mest politiske albummet i rekka.

– Det er brennheite politiske tema som går igjen, som Palestina, Israel, våpenproduksjon og sal av kjærleik over landegrensene. 

Ja, forholdet til Årdal er så godt at nokre av dei unge gutane som byrja å følgje bandet på 80-talet var tilstades då albummet vart slept nyleg.

Ville gå ned fjellet

Ingebretsen lovar at det vil bli både gamle slagarar og ein del nye låtar laurdag. 

– Folk seier dei nye låtane er like bra som dei gamle, og det synest me er moro. 

Så gjenstår det å sjå om fjellet slepp karane over. På dei mange turane opp gjennom åra har det vore episodar der å køyre Tyin-Årdal ikkje alltid har vore like gledeleg.

– Det er tøft på vinteren. Me har hatt nokre vanskelege nedturar frå fjellet. Eg hugsar godt Terje Tranaas insisterte på å gå ut av bilen og gå eit stykkje ned, ler Ingebretsen. 

Til toppen