Årdal: Gutelaget tapte knepent for Florø i seriefinalen for nokre veker tilbake, men var allereie då sikra 2. plassen i avdelinga si med Gloppen poenget føre.
Laurdag skal dei to beste i Sogn og Fjordane møte dei to beste frå Hordaland for å knive om tittelen regionmeister. Dei to beste frå nabofylket var Viking TIF og Fyllingen
Dette vert avgjort i eit seriespel, der alle skal møte alle og poenga vert talte til slutt. Årdølene opnar mot dei to Hordaland-laga før dei avsluttar dagen mot Gloppen.
- Les også: Frustrerande tap i seriefinalen
ÅTIL/Jotun-gutane er relativt spesielle sidan ingen av spelarane spelte handball i fjor, og før årets sesong var det dei sjølve som insisterte på eit tilbod.
– Det er ingen tvil om at dette er ein stor prestasjon av gutane. Det er rett og slett unikt, sa trenar Olafur Sveinsson etter seriefinalen, og meiner laget har gode sjansar.
- Les også: Tok initiativ til å danne eige lag
– Eg ser ikkje vekk frå at me kan reise derfrå med ein pokal eller medalje. To av dei tre laga me møter skal me klare å spele jamnt mot eller slå, og så er det sannsynlegvis eitt lag som blir suverent, og det er Viking, spår Sveinsson.
Også J14-laget til Sogndal skal i aksjon denne helga. Dei skal spela mot Fyllingen, Florø og Askøy.