I DRIVET: Marte Hestetun på ÅTIL 1 kapra ballen frå ein av dei gode spissane på laget frå Nesbyen under 8-delsfinalen i A-sluttspelet på Norway Cup. Foto: Katrine Fredheim 
I DRIVET: Marte Hestetun på ÅTIL 1 kapra ballen frå ein av dei gode spissane på laget frå Nesbyen under 8-delsfinalen i A-sluttspelet på Norway Cup. Foto: Katrine Fredheim 

Kjempar seg vidare mot finalen

Jenter 16 år på Årdalstangen IL 1 kunne på ny slette laus jubelen på Ekebergsletta under Norway Cup torsdag kveld. Dei er nemleg vidare til semifinalen i A-sluttspelet. 

To av fire lag frå Årdalstangen IL (ÅTIL) var framleis med på vegen fram mot finale på Ekebergsletta under Norway Cup tordag morgon.

Jenter 15 år på ÅTIL 2 og gutar 16 år på ÅTIL 2 måtte seie takk for seg under turneringa onsdag kveld. Jentene spelte 16-delsfinale i B-sluttspelet mot Nordstrand og tapte 0-1, medan gutane tapte 1-3 i 16-delsfinalen i B-sluttspelet mot Bjørn 2, frå Luster.

Les også: Sikra seg plass vidare i Norway Cup

Artikkelen held fram under biletet

KJEMPAR: Jenter 16 på ÅTIL 1 ein kjempar om ballen mot nesningane under 8-delsfinalen på Norway Cup.
KJEMPAR: Jenter 16 på ÅTIL 1 ein kjempar om ballen mot nesningane under 8-delsfinalen på Norway Cup.

Jamn og spennande kamp

Jenter 16 år på ÅTIL 1, sikra seg med siger mot Kjelsås under 16-delsfinalen  i A-sluttspelet onsdag kveld. 

Dårlegare gjekk det heller ikkje for jentene då dei spelte 8-delsfinale mot Nesbyen torsdag morgon. Kampen var spennande og jamn, fortel trenar Oddgeir Dvergedal. Årdølene tok tidleg leiinga, før nesningane sette to mål i nettet bak keeperen Hrafnhildur Sverrisdottir. Til pause hadde likevel ÅTIL 1 utlikna til 2-2.

Midt i andre omgang sette jentene inn det tredje målet og eitt minutt før siste speleminutt scora dei på ny.  Olaug Marie Aalen og Kristin Dvergedal stod for måla i kampen. Dermed sikra ÅTIL 1 sigeren og vegen vidare med stillinga 4-2. 

Artikkelen held fram under biletet

STØTTE: Jentene på ÅTIL 1 og Andrea Ødegaard Syrrist spesielt, fekk god støtte frå sidelinja under kampen mot Nesbyen.
STØTTE: Jentene på ÅTIL 1 og Andrea Ødegaard Syrrist spesielt, fekk god støtte frå sidelinja under kampen mot Nesbyen.

Scora på sjansane 

Kvartfinalen vart spelt mot Manglerud Star torsdag ettermiddag. Det var to jamngode tekniske lag som møttest, men årdølene sette inn mål på sjansane dei fekk jamt gjennom kampen, medan Manglerud Star bomma på sine. 

Til pause var stillinga 2-0 til årdølene, dei neste to måla til ÅTIL 1 kom i andre omgang. Både Marte Hestetun, Synne Haug og Kristin Dvergedal sette namna sine på scoringslista. 

– Kampen gjekk i vår favør. Det var verkeleg moro og jentene kosar seg, seier Dvergedal. 

No ladar laget opp til fredagens semifinale i A-sluttspelet. Den blir spelt mot Kolbotn Princess klokka ni fredag morgon.

ÅTIL 1 har uansett to kampar føre seg i turneringa. Tapar dei mot Kolbotn Princess, går dei til bronsefinale, men om dei vinn mot laget er dei vidare til finalen i A-sluttspelet i turneringa, noko dei sjølvsagt gjer, legg Dvergedal til. 

Artikkelen held fram under biletet

KLARE FOR SEMIFINALE: ÅTIL 1 har med siger over Manglerud Star sikra seg plass i semifinalen i A-sluttspelet mot Kolbotn fredag. Hrafnhildur Sverrisdottir (f.v), Emma Jarstadmarken, Martine Låksrud Øyre, Synne Haug, Marte Hestetun, Astrid Fossen Bolstad, Andrea Ødegård Syrrist, Olaug Marie Aalen, Kristin Dvergedal, Camilla Nundal og Elida Madslien. 

Tidleg start på gutane

Etter at gutar 16 år på ÅTIL 1, knuste motstandarane Rustad i 16-delsfinalen i B-sluttspelet onsdag kveld, var dei klare for å spele 8-delsfinale klokka åtte torsdag morgon mot laget Surnadal. Årdølene spelte heilt klart best, fortel trenar Ronny Rinde, og tok fortent sigeren med stillinga 4-0.

Dermed susa gutane vidare til kvartfinale mot Nordlys klokka 13.50 torsdag.

Artikkelen held fram under biletet

TROPPEN PÅ ÅTIL 1: Trenar Ronny Rinde (f.v), Sander Breivik, Eirik Bolstad, Simen Skjerven, Andreas Reseland, Ola Seim, Mats Kauppi, Jørgen Seglem, leiar i fotballgruppa til ÅTIL Kjell Kauppi, Mathias Rinde og Benjamin Alme.

Små marginar avgjorde

Årdølene starta kvartfinalen mot nordlendingane litt famlande og fekk to mål i mot seg, før dei jobba seg inn att i kampen. Til pause leia Nordlys, 2-1. Ti minutt ut i andre omgang utlikna årdølene til 2-2 og styrte kampen. Etter ei uheldig utvising av ein spelar på ÅTIL 1, scora nordlendingane på ei kontring. Sjølv om ÅTIL 1 også hadde ein redning på målstreken, fekk Nordlys inn siste målet eitt minutt på overtid. Årdølene tapte dermed kvartfinalen med stillinga 2-4, noko som sender gutane heim. 

– Gutane var uheldige og det var små marginar som avgjorde kampen. Dei kunne like gjerne vore i semifinalen, då det ikkje var noko å seie på innsatsen, fortel Rinde.  

Artikkelen held fram under biletet

HEIAGJENG: Frå sidelinja heia Torunn Foss (f.v), Vibeke Rinde, Markus Rinde, Ingvill Eldegard, Atle Reseland og Ragne Pent fram gutane på ÅTIL 1.
HEIAGJENG: Frå sidelinja heia Torunn Foss (f.v), Vibeke Rinde, Markus Rinde, Ingvill Eldegard, Atle Reseland og Ragne Pent fram gutane på ÅTIL 1.

Sett under heile, har gutane spelt ei god turnering og møtt gode lag. Etter ei lang turnering, der nokre av dei var på Dana Cup i Danmark før Norway Cup, er dei no klare for å sette retning heimover. Sjølv om det var surt for dei å tape kvartfinalen, er dei nøgde med kor langt dei kom trass alt, fortel trenaren. 

Vil du følga med på resultata, gjer du det her. 

Til toppen