– Det er så viktig å få på plass eit slikt tilbod i Sogn, ikkje minst fordi det er så lang ventetid i både Førde og Bergen, seier Irene Navarsete, nestleiar i Sogndal helselag.
Pengane helselaget disponerer er for det meste gåver innbyggjarane har gitt opp gjennom åra. Helselaget meiner dette er eit perfekt høve til å gje noko tilbake.
– 100.000 til noko slikt, det må vere ein flott måte å bruke pengane på, seier Navarsete.
Les også: Årdal vil støtte opp om MR-maskina
I går sa dei folkevalde i Årdal ja til å bidra med 800 000 kroner til same føremål. Saka har vore oppe i helsegruppa i regionrådet som rår medlemskommunane til å bidra med 4 millionar kroner.
Neste veke vert første høve for dei folkevalde i Sogndal til å handtere saka. Navarsete oppmodar politikarane til å vere gåvmilde.
– No må dei kjenne si besøkelsestid og gje litt peng. Fleire har gitt rundt om, no er det Sogndal sin tur, seier ho.