Årdal: – Kontraktane tryggar arbeidsplassar og gir positive verknader for selskapet i heile landet. Avdelinga i Årdal kjem til å bidra inn i leveransen, seier dagleg leiar for Bilfinger i Årdal, Dag Reidar Vik.
Kontraktane omfattar levering av mekanisk installasjon og ildfast muring av dei 60 elektrolyseomnane til Hydro sin fullskalapilot på Karmøy. Investeringane på Karmøy ligg i storleiksorden 4,3 milliardar kroner, og er ei av tidenes største fastlandsinvesteringar.
– Den desidert største prosjektkontrakten
– Karmøykontrakten er den desidert største prosjektkontrakten Bilfinger IS Norway nokon gong har inngått, seier administrerande direktør Paul Rune Aasrum i Bilfinger IS Norway til Alnor Kjemiske Fagforening.
Han reknar vidare med at desse kontraktene i lenginga vil kunne føra til vedlikehaldskontrakter.
Kontraktane med Hydro Karmøy har ein verdi på 310 millionar kroner, medan den USA-baserte aluminiumsprodusenten Alcoa ikkje vil offentleggjera verdien på kontrakten som er inngått med dei.
Ikkje fleire tilsette
Årdalsavdelinga til Bilfinger leverer vedlikehaldstenester til Hydro og har 85 tilsette. Kontraktene med Hydro Karmøy og Alcoa Mosjøen betyr ikkje at Bilfinger vil utvida med fleire tilsette, men bidreg til trygging av arbeidsplassane, også i Årdal.
– Ja, det er klart. Når konsernet får slike kontraktar medfører det oppgåver for alle avdelingane til Bilfinger, seier Dag Reidar Vik.
– Kva skal årdalsavdelinga bidra med?
– Det er for tidleg å seia, me går ikkje ut med meir om dette no. Detaljar får ein heller koma tilbake til.