OVERSKOT: Det ligg an til den høgste produksjonen av sau og lam på ti år i Noreg, til saman 25.600 tonn kjøt. Samtidig er det venta eit årsoverskot av saue- og lammekjøt på nesten 3.000 tonn. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
OVERSKOT: Det ligg an til den høgste produksjonen av sau og lam på ti år i Noreg, til saman 25.600 tonn kjøt. Samtidig er det venta eit årsoverskot av saue- og lammekjøt på nesten 3.000 tonn. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Kjempeoverskot av sau og lam i år

Det ligg an til den høgste produksjonen av sau og lam på ti år i Noreg, til saman 25.600 tonn kjøt. Samtidig er det venta eit årsoverskot av saue- og lammekjøt på nesten 3.000 tonn.

Sogn: Siste prognose frå Nortura reknar med at 1,07 millionar lam og 170.000 sauer blir slakta i år. Litt avhengig av slaktevekt per dyr blir dette omtrent 25.600 tonn kjøt.

– Dette vil i så fall vere den høgste produksjonen på ti år, seier direktør Jakob Simonhjell i Nortura Totalmarked kjøtt og egg til NTB.

Prognosane viser at det blir produsert 400 tonn meir norsk sau og lam enn det forventa salet i år.

– I tillegg kjem importkvotar som følgje av internasjonale avtalar, ein forventa import på om lag 1.000 tonn, seier Simonhjell.

Per i dag ligg det i tillegg 1.836 tonn sau og lam på reguleringslager, av dei vil ein god del bli selt.

– Vi forventar eit totalt overskot av lam og sau på 2.900 tonn ved årsskiftet, seier Simonhjell.

Billig import

Det har vore diskutert kvifor Noreg importerer frå utlandet når vi produserer meir enn nok kjøt sjølv. Så lenge kvotane eksisterer, klarer ikkje aktørane å seie nei: Billig kjøt med låg eller ingen toll er for lønnsamt. Også frå styresmaktene si side ligg det ei klar forventning om at kvotane blir brukte, sjølv om ikkje Noreg er forplikta til å kjøpe. Eit døme er kvoten på 600 tonn frå Island, ein EFTA-avtale inngått for over 40 år sidan då Noreg ikkje hadde nok lammekjøt sjølv. I ein allereie overfylt norsk marknad treng vi ikkje lenger den kvoten.

– Vi er i dialog med islendingane om fornuftige løysingar for neste år, seier Simonhjell i Nortura.

Meiningslaust

Overproduksjon i Noreg kan også kome av at bønder får ein fastsett pris per kilo for kjøtet dei leverer, uavhengig av kor mykje som blir produsert. Eit overskot av kjøt på marknaden fører dermed ikkje til lågare inntekt for dei. Det er det mange som reagerer på:

– Det er meiningslaust at styresmaktene premierer bønder som produserer mest mogleg lammekjøt, samtidig som vi kjem til å brenne inne med nesten 3.000 tonn, seier leiar Arild Hermstad i Framtiden i våre hender (FIVH).

Han er også oppteken av klimabelastninga:

– Utsleppa frå å produsere lammekjøtoverskotet er på cirka 50.000 tonn CO2-ekvivalentar, noko som svarer til utsleppet frå meir enn 20.000 bilar i eitt år. Dette er sløseri og ein heilt uvettig bruk av dei knappe ressursane for matproduksjon på jorda.

Paradoks

Simonhjell i Nortura forsvarer den norske produksjonen med at den er blant dei mest klimavenlege i verda, og at det derfor ikkje er noko alternativ å byte den ut med importert kjøt med høgare klimaavtrykk frå utlandet. Når det gjeld å kutte eige forbruk, peikar han på at vi et lite kjøt i Noreg samanlikna med andre land, og at det norske kjøtforbruket ligg svært tett opp til kosthaldsanbefalingane frå styresmaktene. 

Dei siste åra har norske forbrukarar fått høyre at dei må kutte forbruket av raudt kjøt, både av omsyn til helsa og klima. Samtidig er marknaden full av rimeleg kjøt i store innpakningar. Det gjer det lettare å kaste det som ikkje blir selt eller ete opp.

– Det er absolutt ei stor utfordring at vi kastar så mykje mat. Det er økonomi i å redusere matsvinnet, så Nortura gir det høg prioritet, seier Simonhjell.

Han meiner ansvaret ligg hos industrien, handelen og kvar enkelt forbrukar. (©NPK)

Til toppen