STENGT PÅ E16: Eit stort jord- og steinras sperrar E16 ved Bolstad i Voss kommune. Foto: Mapbox.
STENGT PÅ E16: Eit stort jord- og steinras sperrar E16 ved Bolstad i Voss kommune. Foto: Mapbox.

Kjemperas sperrar E16 ved Voss i lang tid

Eit stort steinras over E16 ved Hyvingstunnelen i Voss kommune, som tok med seg eit vogntog, stengjer vegen i lang tid framover.

– Vogntoget vart treft av delar av steinmassane. Vi har vore i kontakt med føraren, som har skadar i ei hand, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt til NTB.

Raset har gått ut i Bolstadfjorden mellom Trollkonetunnelen i Vaksdal og Hyvingstunnelen, på vegen mellom Bergen og Voss. E16 er sperra på staden og kjem til å bli det i lang tid, opplyser politiet.

– Stort og omfattande

Raset var 5 meter høgt og mellom 50 og 60 meter breitt. Ifølgje brannvesenet skal raset ha vore nesten 500 meter langt.

– Det er ikkje noko som tilseier at det er fleire køyretøy som er tatt av raset. Verken funn på staden eller opplysningar elles gjer at vi trur nokon andre enn trailersjåføren er tatt av raset, seier Samsonsen til Bergens Tidende.

– Det er eit stort og omfattande ras. Geologar må vurdere raset. Dette kan ta tid, kanskje fleire dagar, seier Marius Råve ved Vegtrafikksentralen til NRK.

Det er tilrådd omkøyring via fylkesveg 7.

NSB opplyser at all togtrafikk mellom Dale og Bolstadøyri vart stengt ein kort periode på grunn av raset, men strekninga vart opna igjen like før klokka 12.

– Prega

Ifølgje NRK er sjåføren av vogntoget som vart treft av raset, frå Asko Vest. Transportsjef Eirik Berge Larsen fortel at sjåføren kom fysisk uskadd frå raset, men er prega av hendinga.

– Han fekk ikkje opp dørene på lastebilen, seier han.

Knut Tyssen, som sat heime i stova si på Tyssen, fortel til Bergens Tidende at han høyrde eit kraftig brak.

– Eg trudde først det var eit jagarfly som hadde forvilla seg inn i fjorden, men eg skjønte etter kvart at det var eit ras på motsett side av fjorden, seier han.

Tyssen orienterte først Statens vegvesen på Voss om kva han hadde sett, så drog han ned til båten sin.

– Raset var stort. Eg drog over fjorden og vart liggjande utanfor raset og fekk etter kvart ein frå ambulansen om bord. Han ville sjekke om det var noko liv å sjå frå sjøsida, seier augevitnet Tysse. (©NPK)

Til toppen