E-TRON: Audi planlegg å lansere e-tron quattro i 2018, som skal ha ei rekkevidde på 50 mil. Foto: Produsenten / AUDI AG.

Kjempesatsing på elbilar i Europa

Bilgigantar går saman om å byggje opp ladestrukturen i Europa.

BMW-gruppa, Daimler AG, Ford Motor Company og Volkswagen-konsernet med Audi og Porsche har signert ein intensjonsavtale om å byggje eit nettverk av hurtigladestasjonar i Europa, melder dei i ei felles pressemelding.

Til no har elbilsatsinga i Europa vore forsiktig. Så langt har det vore Noreg, og til ei viss grad Nederland, som har hatt ein strategi rundt elbilar. I 2015 var 22,4 prosent av alle nye bilar i Noreg elektriske, mens i land nummer to på lista, Nederland, var 9,7 prosent av nye bilar elektriske. Sverige på tredjeplass har ein del på 2,6 prosent, ifølgje ei undersøking gjort av PA Consulting.

Det siste året har fleire av dei store bilprodusentane lagt fram omfattande planar rundt elbilproduksjon, og no kjem dei med infrastrukturen.

Milepæl

Planen er å byggje ut ein omfattande ladeinfrastruktur på kort tid. «Dette vil vere eit viktig steg på vegen mot ein massemarknad for elektriske bilar», skriv dei i meldinga.

Artikkelen held fram under biletet.

FELLES SATSING: No går fleire av dei store europeiske bilprodusentane saman om å byggje ut ladenettverket i Europa.
FELLES SATSING: No går fleire av dei store europeiske bilprodusentane saman om å byggje ut ladenettverket i Europa.

– Dette høgeffekt-ladenettet gir bilistar eit sterkt argument for å bevege seg mot elektrisk mobilitet. BMW-gruppa har sett i gang fleire offentlege ladeinfrastrukturprosjekt dei siste åra. Fellesprosjektet er ein milepæl som demonstrerer at konkurrentar kombinerer kreftene sine for å auke mobiliteten med elektriske køyretøy, seier Harald Krüger, styreleiar i BMW AG.

BMW lanserte den heilelektriske i3 i 2013, som sidan den gong har selt i 60.000 eksemplar.

Det prosjekterte ladenettverket skal ha effektnivå opp til 350 kilowatt. Bygginga er planlagt å starte i 2017. I første omgang skal det byggjast 400 ladestasjonar i Europa, og innan 2020 skal dette bli til «tusenvis».

To krav

– For å få til eit gjennombrot for mobilitet med elektriske køyretøy er det kravd to ting: overbevisande bilar og ein omfattande ladeinfrastruktur, seier Dieter Zetsche, styreformann i Daimler AG og sjef for Mercedes-Benz Cars.

Artikkelen held fram under biletet.

MISSION E: Porsche seier dei skal byggje opp eit eige anlegg rundt den komande elbilen Mission E. Investeringane skal vere på nær 10 milliardar kroner.
MISSION E: Porsche seier dei skal byggje opp eit eige anlegg rundt den komande elbilen Mission E. Investeringane skal vere på nær 10 milliardar kroner.

Konsernet viste nyleg fram eit heilt nytt varemerke som skal liggje under Mercedes-Benz, kalla EQ, som skal byggje elbilar. Dei seier at EQ vil kome med meir enn ti modellar innan 2025.

Målet med utbygginga av ladepunkt er at ein skal kunne køyre langs alle hovudfartsårer i Europa utan rekkeviddeangst.

– Det er to avgjerande aspekt for oss, lynrask lading og rett plassering av ladestasjonane. Saman gjer desse to faktorane oss i stand til å reise i heilelektriske bilar på lik måte som i bilar med forbrenningsmotor. Som bilprodusent vil vi aktivt forme framtida vår, ikkje berre ved å utvikle heilelektriske bilar, men også ved å byggje opp den nødvendige infrastrukturen, seier leiar av styret i Porsche AG, Oliver Blume.

Porsche har i dag ingen elbil, men dei har vist fram konseptet Mission E, som skal kome på marknaden i 2020.

Artikkelen held fram under biletet.

INVESTERER: Ford har så langt ikkje vore særleg aktive med elbilar, men dei gjer store investeringar, og det er venta elbilar frå denne kanten innan 2020.
INVESTERER: Ford har så langt ikkje vore særleg aktive med elbilar, men dei gjer store investeringar, og det er venta elbilar frå denne kanten innan 2020.

Utfordrar Tesla

Nettverket skal byggjast på standarden Combined Charging System (CCS). Den planlagde ladestrukturen skal utvikle den eksisterande standarden for likestraum og vekselstraum til elbilar, med hurtiglading på opp til 350 kilowatt.

Det betyr at systemet vil utfordre Teslas nett av superladarar, som berre kan brukast av Tesla sine eigne modellar. Det nye nettverket skal vere i stand til å betene alle CCS-utstyrte elkøyretøy, det vil seie bilar frå dei aller fleste andre produsentar enn Tesla.

Ford har per i dag ingen bilar som er utvikla som elbil frå grunnen av, berre ein elektrisk variant av Focus. Men dei sa på denne tida i fjor at dei skal investere 40 milliardar kroner i elektrifisering av køyretøya sine i tidsrommet fram til 2020.

– Dette er det endelege gjennombrotet for elbilen som langdistansekøyretøy i Europa. Utanfor Noreg har omkvedet lenge vore at elbilen er ein bybil, sjølv om erfaringa vår viser noko anna. No kjem resten av Europa til å verkeleg å få opp auga for elbilen. seier generalsekretær i Elbilforeningen Christina Bu.

Til toppen