SVIKTA: Sandra Opheim (MDG) kjenner seg svikta av Arbeidarpartiet etter at dei sa ja til å leggja reguleringsplanen for Hydroparken ut på høyring. Sjølv om den skriftlege avtalen mellom partia ikkje seier noko om Hydroparken, meiner Opheim denne vart tydeleg drøfta då partia vart samde om eit samarbeid. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SVIKTA: Sandra Opheim (MDG) kjenner seg svikta av Arbeidarpartiet etter at dei sa ja til å leggja reguleringsplanen for Hydroparken ut på høyring. Sjølv om den skriftlege avtalen mellom partia ikkje seier noko om Hydroparken, meiner Opheim denne vart tydeleg drøfta då partia vart samde om eit samarbeid. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Kjenner seg svikta av Ap

Sandra Opheim (MDG) vart overraska då ho måndag kveld fekk høyra kva Arbeidarpartiet kom til å røyste i Hydroparken-saka.

Årdal: Tysdag vedtok formannskapet å leggja detaljreguleringsplanen for den mykje diskuterte Hydroparken ut på høyring. Det betyr at sjansane for at det blir ei ny etablering her aukar.

Det var knytt stor spenning til kva politikarane ville seia om saka. Miljøpartiet Dei Grøne med Sandra Opheim i spissen har heile vegen vore tydelege på at dei ikkje ønskjer ei nedbyggjing av grøne område.

Eit samarbeid med Arbeidarpartiet skulle bidra til å hindre dette, men då det vart røysta tysdag, var både Arbeidarpartiet og også Senterpartiet positive til å leggja planen ut. Berre Opheim sa klart nei.

– Eg fekk vita i går kveld (måndag journ. anm.) at Ap kom til å setmme for at saka vart lagt ut på høyring. MDG vart mildt sagt overraska over det då me i forhandlingane avtalte med Ap at det ikkje skal byggjast næringsbygg i Hydroparken, seier ho til Porten.no etter møtet.

Hydroparken ikkje nemnt i avtalen

Den skriftlege avtalen mellom partia er ikkje like konkret. Ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) seier han ikkje vil gå i disputt i media med Opheim, men:

– I avtalen vår står det at me ikkje skal byggja ned friområde. Dette med næringsbygg og Hydroparken står det ingenting om i avtalen, seier han. 

Ikkje eit friområde

Som Porten.no tidlegare har skrive om, er ikkje Hydroparken per definisjon eit friområde, men eit spesialområde med parkbelte i industriområde.

– Det stemmer at det står at ingen friområde skal omregulerast til andre føremål, men i dei munnlege diskusjonane har me snakka om Hydroparken. Det var aldri tvil om kva dei gjekk med på, svarar Opheim og seier ho føler dette som eit svik. 

– Me sikra dei ordføraren mot at dei gjekk saman med oss mot kraftetableringar og Hydroparken. Avtalen er ikkje juridisk bindande, men er basert på tillit. Me snakka sjølvsagt om Hydroparken og at me ville bevare det som ein park. Det møtte dei oss på.

Forskutterer ikkje vedtak

Førebels er ingenting avgjort. Sjølv om reguleringsplanen vert lagt ut på høyring, kan dei folkevalde framleis seia nei. Arbeidarpartiet var klare på at sjølv om dei sa ja til høyring i dag, så forskutterer dei ikkje eit vedtak i kommunestyret.

– Eg respekterer hennar røyst i denne saka, men no vart med samde om å leggja planen ut på brei høyring, og me forskutterer sjølvsagt ikkje vedtak i kommunestyret. Det får bli ei sak for kommunestyret, seier Lægreid.

Til toppen