INDRE KNFILKT: Signe Olaug Pedersen sa under folkemøte at kjenslene hennar ville at Aurland skal stå åleine, medan fornufta tilseier at det er lurt å slå seg saman. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
INDRE KNFILKT: Signe Olaug Pedersen sa under folkemøte at kjenslene hennar ville at Aurland skal stå åleine, medan fornufta tilseier at det er lurt å slå seg saman. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

– Kjenslene seier at Aurland burde stå åleine

Men fornufta meiner det er lurt å slå seg saman med Vik og Voss, sa Signe Olaug Pedersen under folkemøte i Aurland om kommunesamanslåinga. 

Aurland: Under folkemøte i Aurland om kommunesamanslåing fekk dei som møtte opp halda innlegg med sine synspunkt og folk som følgte med på direktesendt video, kunne senda inn spørsmål. 

– Eg er redd for at me ikkje er førebudd nok på dei utfordringane som ventar oss dersom me vel å stå åleine. Me må sjå begge sider av saka, sa Pedersen då ho tok talarstolen under møtet på rådhuset. 

Les også: La fram dei to alternativa på folkemøte

Utfordringar

Pedersen frykta blant anna at det ikkje skal vere eit godt nok tilbod for unge folk som ønskjer å flytta heimatt til Aurland kommune. 

– Det er til dømes ingen som har søkt på rektorstillinga på Aurland barne- og ungdomsskule. Me manglar bustadtomter og barnehageplassar, sa ho. 

Mange pensjonistar vel å flytte heim til Aurland etter å ha levd og skatta i andre kommunar i Noreg for å nyta sine gode og siste dagar. 

– Alle er velkommen, men me ønskjer eit variasjon i alderen på innbyggjarane våre, seier Pedersen. 

Aurland kommune står overfor mange utfordringar og forandringar dei kommande åra. Det er ikkje berre spørsmålet om dei skal slå seg saman eller ikkje som ventar no når staten diskuterer ei regionsreform i tillegg. 

– Fylkeskommunen er vanskeleg. Skal me vera Sogn og Fjordane eller Hordaland? Eller ein eigen region på Vestlandet? Me har vore vekkjemde, men no er det tid for forandring, seier Pedersen. 

Dei ulike partia i kommunen hadde problem med å få nok folk til å skriva seg opp på listene ved førre kommuneval. 

– Me må prøva å vera innoative, få meir trøkk og skapa meir engasjement i bygda vår, avslutta ho. 

Vil ha innovasjonskultur

Nærøyfjorden i Aurland har vore på UNESCO si verdsarvliste i over ti år. Nestleiar i styret for Nærøyfjorden Verdsarvpark, Leif Inge Underdal, meiner at kommunen ikkje har utnytta statusen som verdsarv i like stor grad som andre stader i verda. 

– Me har utfordringar knytt til næringslivspotensiale innan reiselivet. I dag er det berre enkeltståande bedrifter som utnyttar seg av statusen. Me trenge ein innovasjonskultur som gjer at me kan utvikla oss, sa han under møtet. 

Det har vore mykje snakk om å utvikla eit verdsarvsenter på Stalheim, som ligg i Voss kommune. Senteret vil ikkje berre fungere som ein attraksjon, men også som eit kompetansesenter. 

– Eg syns ikkje miljøet i Aurland tek verdsarvstatusen på alvor i dag. Me har same status som pyramidane i Egypt. Eg trur me vil få til ei delingseffekt dersom me sler oss saman med Voss og Vik, sa han. 

Fryktar lite engasjement 

– Me står framover vanskelege og viktige val. Men eg fryktar at engasjementet ikkje er stort nok, Underdal.

Under folkemøtet fokuserte han på tre område som han meina var viktige for å utvikla eit godt samfunn. 

– Det går bra med oss økonomisk uansett kva me gjere. Me har sambindingsveg mellom dei to største byane i Noreg. No etterlyser eg ambisjonar og ein visjon om å nå ein innovasjonskulturen som me ønskjer. Me treng evner og vile til å stimulera næringslivet, sa Underdal. 

Han meiner at mykje tydar på at dei har ein god og sterk innovasjonskultur i Voss og at det er nettopp denne kulturen som er med på å utvikla næringslivet. 

– Det mest naturlege hadde sjølvsagt vore om verdsarvsenteret vart lagt til Aurland. Spørsmålet er om kommunen vår tenker nok innovasjon. Me må utvikla attraktive distrikt ved å slå oss saman til storkommunar om me skal stå imot sentraliseringa mot storbyane, sa Underdal. 

FOR: Nestleiar i styret for Nærøyfjorden, Leif Inge Underdal, trur Aurland vert styrka dersom kommunen sler seg saman med Voss og Vik.
FOR: Nestleiar i styret for Nærøyfjorden, Leif Inge Underdal, trur Aurland vert styrka dersom kommunen sler seg saman med Voss og Vik.

Meir attraktivt som folkevalt

Underdal forklarar at ein større kommune er meir egna for å ta dei tunge, kommunale sakene. 

– I ein liten kommune må ein rekna med å bruka meir politiske ressursar. Kvar blir då igjen av politikken? Det vil vere meir attraktivt å vere folkevalt i ein større kommune. Rekrutteringa i småkommunar er vanskeleg, sa han. 

Han meiner at aurlendingane ikkje burde vera naive og at Voss er det opplagte tungdepunktet i ein eventuell storkommune. 

– Makta vil vere der kjøtvekta er tyngst. Slik er det på alle nivå. Vossingane er, som folk flest, egoistar. Men me må tru på oss sjølve og vera likeverdige partar. Ved å dela vil me oppnå meir. Deling av kunnskap, erfaring, ressursar og kultur. Me må gi og ta og skapa noko saman, seier Underdal. 

Går for samarbeid

Den siste tida har det vore mykje snakk om ei samanslåing av høgskulane på Vestlandet. 

Les også: Avtale om Vestlandshøgskulen er klar

– Deling av kunnskap er det viktigaste, sjå berre me den nye Vestlandshøgskulen. Eg er ikkje redd for at sogneidentiteten forsvinn, me må forsvara den, sa Underdal. 

Han meiner kommunen har eit stort ansvar for å forvalta denne saka og framtida til lokalsamfunnet på best mogleg vis slik at det skal vere interessant for framtidige innbyggjarar å slå seg ned i Aurland- 

– Me må ha eit variert næringsliv og utdanningsmiljø om me skal konkurrere med andre. Det blir vanskeleg å stå åleine. Eg går for eit samarbeid om ein storkommune. Aurland som eigen kommune vil i beste fall bli eit status quo. Eg Håpar aurlanedningane har meir ambisjonar enn det, avsluttar han. 

 

Til toppen