FRIVILLIG: Diana Søyland er frivillig på Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter. Ho har jobba som advokat i Peru, og brukar tilbodet på Gamleskulen for å blir betre i norsk. I tillegg tykkjer ho det er kjekt å bli betre kjent med folk gjennom tilbodet. Foto: Ina Eirin Eliassen 

Kjent i fylket for å gi både folk og ting ein ny start

Eitt år etter opninga av Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter kan dei skilte med å ha fått fem personar ut att i arbeidslivet, den sjette er på veg. No skal dei halde foredrag i fylket om oppskrifta bak suksessen.

Årdal: 23. august er det eitt år sidan Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter starta opp på torget i Øvre Årdal. I tida før hadde skulen lenge stått tom, og det kommunale bygget vart sett på som ein utgiftspost, som nokre meinte det var best å rive.

No er det eit aktivitetstilbod for frivillige og for folk som av ulike årsakar treng ein ny start i arbeidslivet. Her får dei ein sjanse til å prøva seg, slik at flesteparten på sikt skal koma seg ut i arbeid. Tilbodet er uløna, og organisert av Frivilligsentralen i Årdal, som samarbeider med Nav. 

Artikkelen held fram under biletet

BERRE EIN DEL AV GJENGEN: Steinar Drægni (f.v), Grete Olsen, Magne Arild Aalen, Ulf Olsen, Åge Geithus, Erik Vigersveen og Sam Alaya på trappa framfor Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter.
BERRE EIN DEL AV GJENGEN: Steinar Drægni (f.v), Grete Olsen, Magne Arild Aalen, Ulf Olsen, Åge Geithus, Erik Vigersveen og Sam Alaya på trappa framfor Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter.

Fem ut i arbeid på eitt år 

Det viktigaste dei har fått til dette første året er å få fem personar ut i arbeidslivet. Den sjette er på veg. 

– Då har me det eg kallar ein million kroner-augeblikk. Tenk deg ein litt sint ung mann som etter eit jobbintervju kjem med eit smil så stort han nesten ikkje kjem inn døra. Det er noko eg ønsker at alle innbyggarar og politikarar tek til seg, fortel Steinar Drægni, leiar for Frivilligsentralen i Årdal.

Artikkelen held fram under biletet

AVHENIGE AV GÅVER: – Me får inn alt mellom himmel og jord. Me har til og med fått inn bunadssølv, fortel Steinar Drægni.
AVHENIGE AV GÅVER: – Me får inn alt mellom himmel og jord. Me har til og med fått inn bunadssølv, fortel Steinar Drægni.

Men tiltaket har også fleire verknadar. Dei vaksne damene er gode rådgjevarar for dei yngre gutane, og på Gamleskulen behandlar dei alt frå hovudverk til kjærleikssorg. I tillegg tek dei seg av grasklipping, snømåking, dei køyrer ut hjelpemiddel frå Hjelpemiddelsentralen og hjelper eldre som til dømes stikk innom for å få litt datahjelp. 

– Me brukar nok 500 til 600 kroner i månaden berre på kaffi. Det skal vera ei glad-bedrift, der me har tid til å sette oss ned og prate i lag over ein kaffikopp. Me får til utrulege ting her, fordi det er ein fantastisk gjeng med dedikerte folk, fortel Drægni. 

Godt kjend i fylket - berre starten

– Me starta utan startkapital, men med utgifter og moglegheiter. Det meste har vorte til på vegen. Me trudde jo at husleiga skulle bli vanskeleg, men me greier oss godt og vel så det. Overskotet går til drift av Frivilligsentralen og til brukthandel- og aktivitetssenteret. Mellom anna har me kjøpt ein varebil som vart betalt kontant. Det har vore eit vanvittig eventyr, og eg håpar historia blir lang og god, seier han.

Artikkelen held fram under biletet

AUKSJON: Steinar Srægni syner fram ei unik barreprøve, som det truleg ikkje finst meir enn eitt eksemplar av. Under auksjonen no laurdag er dette berre noko av det du kan sikre deg. 
AUKSJON: Steinar Srægni syner fram ei unik barreprøve, som det truleg ikkje finst meir enn eitt eksemplar av. Under auksjonen no laurdag er dette berre noko av det du kan sikre deg. 

Han rettar ein stor takk til bygdafolket som kjem med gåver til Gamleskulen. Men han takkar også for gåvene frå folk i Lærdal, Aurland, Sogndal, Luster, Leikanger og til og med frå Nordfjordeid. Gamleskulen er no godt kjent i fylket, og er alt oppe i 1600 følgarar på Facebook, noko som har vore viktig for å informere om tilbodet. 

​Nav har vore ein viktig samarbeidspartner for Gamleskulen. Tidlegare denne veka var Drægni med for å planlegga eit foredrag dei skal halde for kring 400 Nav-tilsette i Sogn og Fjordane.

– Alle har høyrt om oss. No lurar dei på korleis me har gått fram for å få til dette tilbodet, fortel han. 

Artikkelen held fram under biletet

NYTT LIV: Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter får det folk ikkje lenger vil ha i heimane sine. Dei både hentar, leverer, tek seg av vedlikehald og vask av bygget, og gjer det som trengst for at kundane skal like å ta turen innom.

Liv laga

– Me torar no å seie med eitt års erfaring, at me har fått til det me håpa og vel så det. Det skal vera ei god oppleving å koma hit. Det trur eg me har fått til. Folka våre er stolte av å vera her, noko som er kjekt å sjå. Det er stort å få vera med på dette, seier han både rørt og stolt.

I kassa fredag ettermiddag sit Grete Olsen. Då ho runda 70 år slutta ho i helsetenesta i kommunen. Etter kvart vart ho rett og slett lei av å gå heime. Ho tok kontakt med Gamleskulen og har no vore frivillig der nokre dagar i veka i nesten eitt år. 

– Det er eit så kjekt miljø. Eg veit ikkje om eg hadde eksistert utan, for eg trivst så godt. Dette er eit kjempetiltak og det er godt at ein slapp å riva skulen, fortel ho.

– Tilbodet ved Gamleskulen er bra for bygda, oss som jobbar her og for miljøet, sidan tinga ikkje bli kasta men får ein ny eigar. Dei som handlar av oss er folk i alle fasar av livet. Her er det vinn-vinn for alle partar, seier Drægni. 

Artikkelen held fram under biletet

TRIVST: – Tenk på alt det fine me får inn. Det er tydeleg at det har vore velstand i Årdal, seier Grete Olsen på Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter.
TRIVST: – Tenk på alt det fine me får inn. Det er tydeleg at det har vore velstand i Årdal, seier Grete Olsen på Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter.

Få med deg aksjonen Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter held på torget laurdag 22. august, i samband med Årdalsfesten.

Der kan du by på alt frå veggklokke, hardangerbestikk, kubbestol, åkle, lommelerke, ein figur av Lenin, til ein filmframvisar og opptakar av gamal sort. Drægni fortel også at dei i tillegg har nokre nye ting, som til dømes ein sykkel til ein verdi av 12.000 kroner. 

– Her er det moglegheit til å gjera røvarkjøp. Me håpar folk er like galne som dei brukar å vera når me har auksjon, seier han lurt.  

Les også: Samlar seg for å skapa ny festival

Til toppen