NYE TIDER: Kjetil Rørtveit (t.v) saman med tidlegare dagleg leiar, Erik Osland.
NYE TIDER: Kjetil Rørtveit (t.v) saman med tidlegare dagleg leiar, Erik Osland. (Foto: Privat)

Kjetil Rørtveit vert ny dagleg leiar i Osland Settefisk

Rørtveit tek over som dagleg leiar frå 1. august. Det kjem fram i ei pressemelding.

Høyanger: Tidlegare dagleg leiar for Osland Settefisk, Erik Osland, overlet no den daglege drifta til Kjetil Rørtveit. Det gjer han for å sjølv få meir tid til å utvikle Osland systemet. 

– Erik og Kjetil er barndomsvener, oppvaksne i lag, samarbeider godt og vil begge bidra til å utvikle og sikre Osland systemet med fleire trygge og gode arbeidsplassar i framtida, skriv verksemda i ei pressemelding. 

Vaks opp med fiskeoppdrett som nærase nabo

– Osland veks med stadig fleire tilsette og aktive dotterselskap skapar arbeidsplassar og aktivitet i bygda. Osland Settefisk har hatt god utvikling og tel no 15 tilsette, skriv verksemda i pressemeldinga.

Den nye daglege leiaren vaks opp på Osland med fiskeoppdrett som nærase nabo. Som dei fleste andre i bygda hadde han sumarjobb på fiskeannlegget. Han har alltid hatt stor interesse for fiskeoppdrett.

Rørtveit vart i 1993 tilsett på settefiskanlegget på Sørebø, som i 2011 vart ein del av Osland systemet. No tek han over som dagleg leiar for Osland Settefisk 1. august. 

SYMJETRENING: Kjetil og Erik som har symjetrening i gamle fiskekar på Osland. Bildet er tek rundt år 1976. Foto: Privat
Til toppen