KALD START: Det vart ein kjølig start på fiskesesongen i Lærdalselva. Foto: Jan Christian Jerving
KALD START: Det vart ein kjølig start på fiskesesongen i Lærdalselva. Foto: Jan Christian Jerving

Kjølig fiskestart

Det vart inga reprise av fjorårets suksess då laksefisket i Lærdalselva opna i år. 

  • Endret
TEMPERATUR: Lasse Sælthun i Lærdal Elveeigarlag vonar det vert betre vilkår for fiskarane snart.
TEMPERATUR: Lasse Sælthun i Lærdal Elveeigarlag vonar det vert betre vilkår for fiskarane snart.

Med berre 4,5 gradar i elva, vart det ein forsiktig start på denne fiskesesongen. 

– Elva er for kald, seier Lasse Sælthun, leiar i Lærdal Elveeigarlag. Han fortel vidare at når elva er så kald som no, så held fisken seg roleg og den er vanskeleg å få på kroken. Dette gjev dårlege vilkår for flugefiskarane.

Lysare framtidsutsikter

Nede ved elvebreidda står Sælthun og ser utover elva. – Det er gromsete farge på elva, så dette er nok starten på noko. Når elva veks, vert det fart i laksen, seier han til Porten.no.

Artikkelen held fram under biletet.

BJØRKUM: Den største fisken hittil i sesongen var på 13 kilo, og vart teken ved Bjørkum. 
BJØRKUM: Den største fisken hittil i sesongen var på 13 kilo, og vart teken ved Bjørkum. 

13 kilo

Det vart landa 7 laks det fyrste døgnet i år, og Sælthun fortel at i fjor vart det fanga over 20 laks det fyrste døgnet. – Det var imponerande, seier han. 

Men sjølv om dei store fangstrekordane ikkje er registrert enno, er storleiken på fiskane bra. – Den største var på 13 kilo og vart teken på elvestrekninga ved Bjørkum, fortel leiaren i elveeigarlaget.

Til toppen