I BOKS: Johannes (t.v.) og Rune Einemo måtte finna fram finstasen no når formalitetane rundt overdraginga  av Kvammes er i boks. Dei nye eigarane tek offisielt over 1.februar og reknar med å starta opp kafèen og puben i løpet av mars.
I BOKS: Johannes (t.v.) og Rune Einemo måtte finna fram finstasen no når formalitetane rundt overdraginga  av Kvammes er i boks. Dei nye eigarane tek offisielt over 1.februar og reknar med å starta opp kafèen og puben i løpet av mars.

Kjøper Kvammes – og bles liv i hotelldrifta

Johannes Einemo og Elin Forthun Partenyi har planane klare for Kvammes – ein samlingsstad for bygdefolket og hotell for turistar som vil bu i eit autentisk miljø.

Lærdal: – Det viktigaste er at dette held fram som møteplass for lokalbefolkinga. At folk i bygda kan samlast og eta. For slik har det vore her i hundre år, seier nybakt hotell- og kafèeigar Johannes Einemo.

Han og sambuaren Elin Forthun Partenyi kjøper no Kvammes av Lise Cirotzki Einemo og mannen Rune. Dei nye eigarane skal ikkje berre driva kafè og pub – den ærverdige bygningen kjem også til å husa overnattingsgjester.

– Me tenkjer fire dobbeltrom og eit større familierom. Litt overflateoppussing må til. Me skal pynta opp romma og laga dei til i stil med bygningen så ein får kjensle av at ein kjem inn og bur i eit gamalt bygg, seier Johannes.

– Mange reiser til Lærdal for å sjå Gamlegata, så viss dei også kan bu i miljøet her, betalar dei for det, legg Rune til.

Satsar på heilårsdrift

Romma ligg i andre etasje. Det er også rom i etasjen over så dei kan pussa opp her og utvida – om dei ser det er potensiale for det.

– Me vil sjå fleire ting an litt. Også i høve sesong; dersom det er interesse kan me halde hotellbiten open i vinterhalvåret også. Sei at ti-tolv treng overnattingsplass, så har me moglegheit å opna opp så dei kan bestilla. Sidan me kjem til å bu i leilegheita her i bygget sjølve kan me driva dette svært fleksibelt, seier Johannes.

Når det gjeld serveringsdelen blir kafèen og puben vidareført – og skal halda meir ope.

– Elin blir sjefen der, seier Johannes.

– Me må prøva oss fram også her første året. Det kjem nok ikkje til å bli like mykje ope på vinteren som om sommaren, men me satsar på heilårsdrift. Elles driv me nok kafèen mykje på same vis som Lise har gjort no i starten, til me eventuelt torer å prøva ut litt andre ting, seier ho.

– Så får dei med pizzaoppskrifta – den følgjer bygget. Dette var Potterpizzaen, og blir vel no omtala som Kvammespizzaen. Det er folk som køyrer ein ekstra sving nedom her for å eta akkurat den, legg Lise Cirotzki Einemo til.

– Me skal driva dette i lag, så eg skal no laga pizza, eg også. Og Elin har erfaring frå denne bransjen, påpeikar Einemo.

Artikkelen held fram under biletet

ÆRVERDIG: Rune Einemo og Lise Cirotzki Einemo (t.v.) sel Kvammes (i bakgrunnen) til Elin Forthun Partenyi og Johannes Einemo. Opphavleg vart det bygd som «Lærdalsøren hotell» på slutten av 1800-talet, eit namn dei nye eigarane vurderer å bruka att. Og overnattingstilbod har det ikkje vore i bygningen på nesten førti år, sist som pensjonat.
ÆRVERDIG: Rune Einemo og Lise Cirotzki Einemo (t.v.) sel Kvammes (i bakgrunnen) til Elin Forthun Partenyi og Johannes Einemo. Opphavleg vart det bygd som «Lærdalsøren hotell» på slutten av 1800-talet, eit namn dei nye eigarane vurderer å bruka att. Og overnattingstilbod har det ikkje vore i bygningen på nesten førti år, sist som pensjonat.

Musikkarrangement ei gong i månaden

Dei to satsar på den inste delen av serveringslokalet som bygdepub der dei lokale kan samlast i helgene, og musikkarrangement ei gong i månaden. 

– Sjølvsagt opnar me opp resten av lokalet når me har arrangement og ved behov, påpeikar Johannes.

I tillegg til at han no satsar i serverings- og hotellbransjen driv han ein lakkeringsverkstad som har slått stort an.

Les også: Har gjort butikk av gutedraumen

Og bilinteressa vil han dra vekslar på i hotelldrifta.

– Lærdal har ein spesiell historie og status som knutepunkt; mellom anna køyrde første bilturisten i Noreg gjennom Lærdal i 1901. For bilturistar er Lærdal eit mekka – det er ikkje mange stader i verda ein kan ta så mange spennande utflukter som med Lærdal som utgangspunkt. Tindevegen til Turtagrø og vegen over Aurlandsfjellet, til dømes. Det burde vera interessant for sportvognklubbar å vitja oss. Eg har forresten booka eit Lamborghini-treff allereie. 

Fekk ikkje sova – tenkte på vinkjellar

Og han har ein idè til. Ein ganske spenstig ein.

– Det var ei natt her eg ikkje fekk sova. Fordi eg kom på dette med vinkjellar.

– Ja, det blir mange planar, men entusiasmen er der. På sikt kan me snakka om vinkjellar, kanskje, legg Elin nøktern til.

Dei to karane er fetterar, og at Kvammes no skal drivast av lærdøler – til og med familie – som vil utvikla eit tilbod for bygdefolket gjer at Rune Einemo og kona Lise no sel verksemda dei har drive i seks år me litt lettare hjarte.

– Eg tykkjer det er veldig greitt at nokon i familien som kjenner plassen overtek. Dette er ein plass bygda treng og då er det mykje lettare å selja det til desse to enn vilt framande ein ikkje veit kva ville ha gjort. Alle arrangement på sommaren i Lærdal er knytt til Kvammes og Kvammegården – det gjer det ekstra viktig at nokon som kjenner bygda overtek. Dei andre interessentane verka til å ville driva dette som eit reint hotell.

Les også: – Kjem til å vera tusken den dagen me reiser herifrå

«Nei, me berre kjøper det»

Og ideen om å kjøpa Kvammes må ein seia kom rekande på ei fjøl for Johannes og Elin.

– Det var så rein impuls som det går an. Eg var på lakkeringsverkstaden, der Rune eig bygget, og spurde om dei hadde fått seld Kvammes. Nei, det hadde dei ikkje var svaret. Då sa eg at me kunne kjøpa det, seier Johannes. 

– Då han kom heim og sa det tenkte eg at dette er heilt urealistisk, så me la det eigentleg daudt. Så sat eg ein dag på jobben på heimen, og der får eg jobb i form av nokre prosentar her og der. Så då sendte eg ei melding til Johannes og skreiv: «Nei, me berre kjøper det». I løpet av ei veke var det full fart med planar. Då gjekk det så fort at Lise sendte meldeing om at no var tempoet i overkant høgt her, fortel Elin.

No er alle formalitetar i orden – og Johannes har hatt generalprøve som pubvert

– Eg prøvde første gong å stå bak bardisk fjerde juledag. Fekk skryt av kundane også, nokre spurde kvar tipskassa var. Eg har aldri hatt det så moro på jobb, ler den ferske hotelleigaren.

Til toppen