Aurland: – Skulehuset har ein stor historisk verdi for folk i Flåm og dei som bur her er opptekne av kva som vil skje med det. Det er flott at det no er nokon som ynskjer å ta vare på det, seier ordførar i Auland kommune, Noralv Distad.

Kjøpte det gamle skulehuset i Flåm for ei krone
Huset i seg sjølv blei selt for gje-bort-pris, men dette blir på inga måte gratis. Ikkje berre skal huset restaurerast, men det skal flyttast òg. Dette meiner kjøpar, Knut Olav Lie, at han skal klare.