SYNFARING: Rita Navarsete på synfaring under rettssaken i Hodlekve. Her saman med ein av dei andre tomteeigarane.
SYNFARING: Rita Navarsete på synfaring under rettssaken i Hodlekve. Her saman med ein av dei andre tomteeigarane. (Foto: Linda Watten)

Kjøpte tomt i Hodlekve, men etter vegstriden vil ho ikkje bygga hytte lenger

Rita Navarsete og mannen kjøpte hyttetomt i Hodlekve, men etter fleire år med rettssaker er dei leie.

Sogndal: – Me ville opp her for å bygga hytta og kosa oss, men det kan me gjera ein annan stad i landet, seier ho. 

I går starta ankesaka om vegstriden i Hodlekve, og begge partane var på synfaring saman med dommar og advokatar. 

– Me må ha ein ordentleg avslutning på saka, og ein avslutning som alle i størst mogleg grad kan vera nøgd med i framtida, sa Jan-Erik Jensen til Porten.no då. 

Har skrinlagt hytteplanane 

Navarsete har teke eit anna val for framtida si i Hodlekve enn det ho fyrst såg føre seg. 

– Me har skrinlagt hytteplanane, og kjem ikkje til å bygga her, seier ho og peikar på hyttetomta som ho og mannen eig. 

For nokre år sidan kjøpte hyttefolket tomter i den tru at alle vegar, inkludert dei som går inn til kvar enkelt hytte, skulle vera offentlege. Sognefjorden Utvikling, derimot, har krevd at hytteeigarane skipar eit grendalag som skal ha ansvar for drifta av stikkvegane.

– Me trudde jo me skulle betala litt på vegen, men ikkje at det skulle bli slik som dette. Me veit ikkje kor mykje peng det er snakk om endå, seier Navarsete. 

Meiner folk skal betala for det dei brukar 

Ho seier dei alltid har forholdt seg til det som stod i kontrakten.

SYNFARING: Hyttene i Hodlekve. Foto: Linda Watten

– No blir det foreslått at alle skal betala likt om du har ein meter veg, eller 300 meter veg. Det meiner me ikkje er rett. Nokre har direkte avkøyrsle til tomta og dei slepp å betala noko. Me meiner at du skal betala for det du brukar.

Navarsete: – Trist 

No er ho lei etter alle rettssakene, og tykkjer det er trist at det er blitt som det er blitt.

– Det var ikkje dette me førespegla skulle skje. Dette området er så flott, og eg hadde kome til å kosa meg her oppe, men no er det ikkje tema ein gong. 

Ankesaka går over to dagar i lagmannsretten denne veka, og føregår på SIL-hytta i Hodlekve med kort veg til synfaring. 

– Eg tykkjer òg det er trist at me må ta fri frå jobben for å vera her, for det er ikkje fyrste gong. Det er tredje gong no, så no vil me berre koma oss herifrå, seier Navarsete. 

Til toppen