Borgund: – Me vil syna at me får ting til sjølv om me er få. Og at me ikkje er noko sidrumpa. Nei, me syklar trimsykkel, nett slik som byfolk driv med. Dette er noko dei fråflytte driv med der dei bur no, og no kan dei gjera det når dei kjem heim att òg, seier Sonja Mari Gram, styremedlem i Borgund utvikling.
Det er utviklingslaget ho er med i som har fått stabla spinningtilbodet på beina. Dei kjøpte brukte syklar på Finn.no frå eit treningsstudio i Oslo før jul, og byrja med dei første offisielle øktene ut på nyåret. Dei har òg fått på plass ei nettside, «spinning i Borgund».

– Fyrste testkøyring med publikum var i julehelga, då me hadde to fulle økter. Det var veldig moro.
Men dei ynskjer ikkje berre at tilbodet skal vera julekos for fråflytte borgjinder. Dei ynskjer å få dei til å koma heim att.
Prosjektet er der for å skapa blest og engasjement for bygda på eit positivt vis, både for dei som bur der og for dei som kjem på besøk.
– Og so er det eit godt folkehelsetiltak.
Alt var nøye planlagt og teke høgde for. Syklane var eit røvarkjøp
Det var instruktør Linda Uglenes Maristuen sin idé å starta med spinning i bygda. Styret i Borgund utvikling rosa henne med det same dei fekk høyra han. Maristuen gjekk deretter i brodden for å få sparka det heile i gang.
Ho fekk hjelp av utviklingsstyret, som med Gard Guttulsrød i spissen røkte etter om folk var interesserte i eit slikt tilbod. Responsen på internett-spørjeundersøkinga var god, både blant moglege heimflyttarar og fastbuande.
Maristuen saumfór so bruktmarknaden og kom over eit godt tilbod på trimsyklar. Då ville ikkje utviklingsstyret halda noko tilbake, no galdt det å satsa.

– Ein enkelt spinningsykkel kostar vanlegvis mellom 7000 og 8000 kroner, me fekk 11 syklar for 16 000 kroner. Me tok sjansen på ei slik investering, og tenkte at me vil få høve til å selja dei att om det likevel ikkje skulle vera interesse for treningane, fortel Sonja Mari Gram.
Enormt populært i bygda
Ordførar Jan Geir Solheim blant deltakarane. Rosar tiltaket
Ordføraren er ein av dei som soknar til det nye trimsenteret, og han er glad for at det har kome på plass.
– Det var veldig morosamt å vera med, og eg merka godt at eg trengte det.
Solheim hadde faktisk ikkje prøvt spinning i ein slik halvsirkel før, berre ergosykkel. Han tykte dette var inspirerande. Han synest initiativet er makelaust fint. Og han er imponert over korleis det dukka opp på ein liten augneblink.
– Dette er noko eg ikkje tenkte at kunne verta so populært som det faktisk har blitt. Det er veldig godt motteke. Og eg hadde tenkt at det kanskje ville dabba litt av etter kvart, men det er det ikkje teikn til, endå me er godt inn i februar.
No har ordføraren trua på at tilbodet har kome for å verta i bygda. Sjølv ynskjer han å vera med vidare på øktene, so sant han får tid.
– Det var skikkeleg god stemning, og instruktøren er veldig flink. Ho er veldig profesjonell, seier Solheim.