KJENT FIGUR: Han er kjent for lang og tru innsats for idretten, spesielt for å få på plass idrettsanlegg for barn og unge. Olav Kjos-Wenjum døydde 84 år gamal.
KJENT FIGUR: Han er kjent for lang og tru innsats for idretten, spesielt for å få på plass idrettsanlegg for barn og unge. Olav Kjos-Wenjum døydde 84 år gamal. (Foto: NFF Sogn og Fjordane)

«Kjosen» har gått bort

Han fekk sitt første verv som 15-åring, sidan balla det berre på seg. – Kjosen er ein av dei siste av sitt slag, så dedikert og oppofrande, skriv kretsleiaren.

Luster: Olav Kjos-Wenjum gjekk bort 16.februar etter kort tids sjukeleie.

– Våre tankar går til kona Sigrid, borna  og næraste familie, skriv Svein Olav Myklebust, dagleg leiar i NFF Sogn og Fjordane på eigne nettsider måndag.

Dei fleste kalla han berre Kjosen, og han var kjent for å dedikera mykje av livet til frivillig arbeid og i teneste for idretten.

– Me veit at mange i fotballfylket er stor takk skuldig for Olav si hjelp, og har gode minner frå samarbeid, møter og samvær med Kjosen. Olav var ein stor autoritet, og ein høgt respektert idrettsleiar med eit stort nettverk i fylket, skriv Myklebust.

Starta tidleg å jobba frivillig

Han fekk det første vervet i Hafslo IL som 15-åring. Berre 23 år gamal vart han leiar i idrettslaget, eit verv han hadde i 20 år. Han var primus motor bak realiseringa av store anleggsprosjekt på Hafslo og i Luster.

Frå 1973 til 2015 var Kjosen engasjert i fotballkretsen gjennom ei rekke verv, sist som leiar i anleggskomitèen 82 år gamal. 

– Etter eit langt liv i Statens vegvesen kjente Olav alle vegar, alle småstader og folk. Ordførarar og klubbleiarar var på fornamn med han. Dei visste også at han var  kompromisslaus, og at anlegga skulle på plass, så langt mogeleg med beste kvalitet.

Hanka inn prisar

Kjosen har fått ei rekkje prisar, med Kongens Fortenstmedalje i gull og Nikken-prisen, som dei to gjævaste.

Har har òg fått ein eigen pris oppkalla seg, Kjosenprisen, som går til personar som har utført ei særs oppofrande og tidkrevjande oppgåve i klubben sin.

– No har Olav reist frå skrivemaskina og «kufforten» med notat og planar. Kjosen er ein av dei siste av sitt slag, så dedikert og oppofrande. Fotballkretsen er utruleg stor takk skuldig, og Olav hadde ein særskild stor plass hjå oss alle, skriv Myklebust.

Til toppen