Alle typar kjøtproduksjon aukar, og i fjor blei det produsert 344.000 tonn kjøt i Noreg. Det er 3,5 prosent meir enn året før og 7,1 prosent meir enn for fem år sidan, skriv Dagsavisen.
– Eit så høgt masseforbruk av kjøt er eit problem for klimaet og ressursane i verda. Det går ut over dyrevelferda og helsa og aukar sjukdomsrisikoen, seier forskar Unni Kjærnes ved Statens institutt for forbruksforsking (SIFO).
I fjor kom instituttet med ein rapport som viste at éin av fem er villige til å ete mindre kjøt for å kutte klimautsleppa. Tiltak som «kjøtfri måndag» er blitt meir utbreitt, og det same er vegetarmat, men det totale forbruket held fram å auke. Det overraskar ikkje Kjærnes.
– Media har ikkje vore opptatt av problema, og det er ingen statleg informasjon. I staden er det eit veldig trykk for at forbrukaren skal ete meir kjøt, seier ho og viser til Matprat-reklamane og tilboda til daglegvarekjedene i grillsesongen og til påske. Ifølgje Framtiden i våre hender tar kjøt rundt halvparten av reklameplassen til kjedene.