KLAGAR: Sandra Opheim (MDG) og Arbeidarpartiet utgjorde fleirtalet som klagar på NVE sitt ja til kraftutbygging inn til OED. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KLAGAR: Sandra Opheim (MDG) og Arbeidarpartiet utgjorde fleirtalet som klagar på NVE sitt ja til kraftutbygging inn til OED. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Klagar inn NVE-ja til kraftutbygging i Nundalen

Miljøpartiet Dei Grøne og Arbeidarpartiet vil ha omkamp etter NVE gav Småkraft konsesjon til å byggja ut vasskrafta i Nundalen.

Årdal: Med elleve mot ti røyster i kommunestyret kjem Årdal kommune til å klage inn vedtaket til olje- og energidepartementet (OED). Sandra Opheim (MDG) forklarte kvifor.

– Me meiner kommunen må klaga inn vedtaket frå NVE fordi dei går imot tilrådinga fleirtalet gav i denne saka. Miljøpartiet Dei Grøne og Arbeidarpartiet ønskjer ikkje at Årdal skal gi frå seg verdifulle naturressursar. Dette gir ingen fordelar for Årdal, tvert imot, sa ho frå talarstolen. 

Ho viste også til at stiftinga Nundalen, som er grunneigar, heller ikkje ønskjer utbygging og at dei ikkje har kome til ein avtale med Småkraft. 

– Ikkje interessert

– Vedtaket seier også at Småkraft ikkje er interessert i å setja midlar til fond som kjem Nundalen til gode. Eg vil leggja vekt på at det er ingen sjølvfølgje at inntektene grunneigarane får kjem kommunen til gode. Fleire av grunneigarane bur ikkje i Årdal. 

Artikkelen held fram under biletet.

– BURDE VERNAST: Sandra Opheim (MDG) argumenterte for kvifor Nundalen burde forbli urørt.
– BURDE VERNAST: Sandra Opheim (MDG) argumenterte for kvifor Nundalen burde forbli urørt.

Les også: Småkraft får byggja ut Nundalselvi

– Men det viktigaste er at kraftutbygging vil redusera verdien og gjera det mindre attraktivt å besøka friluftsområdet. Det er ein stor inngripen i naturen dersom fosse blir vekke og ein kraftstasjon er det første som møter ein, heldt ho fram.

PROTOKOLLFØRT: Aleksander Øren Heen (Sp) ville ha det protokollført at Sp, V og H ikkje støtta klagen.
PROTOKOLLFØRT: Aleksander Øren Heen (Sp) ville ha det protokollført at Sp, V og H ikkje støtta klagen.

Protokollføring

Aleksander Øren Heen (Sp), som fekk innvilga permisjon til å starta i sin nye jobb som politisk rådgivar i torsdagens møte, håpar det ikkje blir trenering av vidare saksgang dersom OED landar på same svar som NVE. 

– Dette prosjektet er med på å bidra til at Noreg når sine plikter rundt fornybar energi. Saman med Sverige er det sett mål om at me skal opp med vasskraftproduksjon, og dette prosjektet bidreg til det. 

– Når det gjeld fond, er det sjeldan at det blir sett krav om slikt i ei konsesjonshandsaming. Dette er noko som kjem til etter forhandling med partane. 

– At dette ikkje gir inntekter er direkte feil. Me veit kor gode eigedomsinntekter me har av dette. Det blir skatt på dette anlegget også, men det blir ikkje utløyst konsesjonskraft fordi prosjektet er for lite. Det blir insinuert at ein skal vera flau for å stå her med eit syn om å bygga ned norsk natur. Eg er ikkje flau over å bygga ut vasskraft på ein skånsam måte.

Heen innsåg raskt at dette truleg ville ende 11-10 til MDG og Ap og fremja difor protokolltilførsel, slik at det kjem tydeleg fram at Senterpartiet, Venstre og Høgre ikkje støtta klagen.

VALRESULTAT: Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) understreka at det ikkje er samarbeidet med MDG som gjer at dei har skifta meining saka.
VALRESULTAT: Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) understreka at det ikkje er samarbeidet med MDG som gjer at dei har skifta meining saka.

– Difor har Ap snudd

Vasskraft-saka har fått mykje merksemd sidan valet, spesielt etter som Arbeidarpartiet i forkant av det sa ja til utbygging i formannskapet, men etter at samarbeidet med MDG kom på plass, snudde og sa nei i kommunestyret.

Det lot ikkje opposisjonen gå frå seg i torsdagens møte heller. Mellom anna Erling Offerdal (Sp) løfta fram og undra seg over kvifor eit einstemmig Arbeidarparti sa ja i formannskapet for så å ombestemme seg, men ifølgje Marie Helene Brandsdal (Ap) er ikkje samarbeidet årsaka til snuoperasjonen.

– Me ber media om å notere seg at det ikkje berre er eit valresultat som gjer at Ap ankar avgjerdsla til NVE, men også fordi me har gjort nye vurderingar, saman med frivillige lag og organisasjonar har me stilt oss spørsmålet: Vil me gi vekk det siste urørte vassdraget? spurte Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap).

– Kva har me å vinna på det? Kva har årdalssamfunnet å vinna på det? Får me fleire arbeidsplassar? Nei. Får me inntekter? nei. Me gir frå oss urørt natur og verdifulle naturressursar. Protokolltilførselen til Venstre, Høgre og Senterpartiet vil stå der for framtidige generasjonar. 

Til toppen