"Politiet har fått fleire klagar ang. plenklipping, slåttearbeid og anna støyande arbeid på søndag. Her gjeld helgedagsfreden", twitrar politiet i Sogn og Fjordane søndag ettermiddag.
– Blir dårleg motteke
Operasjonsleiar hjå politiet fortel også til NRK Sogn og Fjordane at helgedagsfreden skal respekterast og at dei difor har stoppa fleire i det støyande søndagsarbeidet sitt over telefon:
– Det blir dårleg motteke. Forståeleg nok. Når ein står midt i slåtten eller er ferdig å klippe halve plenen, vil ein sjølvsagt gjere seg ferdig. Men vi har stoppa arbeid som følgje av klage.