OMSTRIDD PROSESS: Vegen fram til ein ny måte å rekne ut eigedomsskatten har vore lang og kronglete for Sogndal kommune. 
OMSTRIDD PROSESS: Vegen fram til ein ny måte å rekne ut eigedomsskatten har vore lang og kronglete for Sogndal kommune.  (Foto: Arkiv)

Klagestorm: 178 personar i Sogndal ueinige i eigedomsskatten

Sogndal: I desember 2014 gjekk politikarane i Sogndal inn for ein ny måte å rekne ut eigedomsskatten på. Den nye reknemetoden medførte òg eit kraftig byks i taksten, noko som vekte harme hos innbyggjarane.

Kommunen tok til seg kritikken og har sidan gått fleire rundar for å justere det nye regimet. Utan at det ser ut til at klagestormen verkar å ha roa seg heilt enno.

Les også: Denne kommunen går mot eit overskot på 17 millionar kroner

TRØBLETE TAKSERING: Sogndal kommune har hatt mange rundar med klager og justeringar etter at dei innførte ny takseringsmetode for eigedomsskatten. 
TRØBLETE TAKSERING: Sogndal kommune har hatt mange rundar med klager og justeringar etter at dei innførte ny takseringsmetode for eigedomsskatten. 

Etter utskrivinga av dei siste justerte takstane kom det inn 178 klager, ti av dei gjeld bustader, seksti gjeld våningshus, syttifem gjeld fritidsbustader, tretti gjeld næring og tre gjeld verk og bruk. Det er kommunen sjølv som melder dette på sine nettsider.

– Den metoden som vart brukt før utskrivinga første mars var ikkje tilstrekkeleg forankra og godkjent av sakkunnig nemnd. Difor blei det store endringar etter at nemnda gjorde vedtak om ein ny takseringsmetode. Det hadde vore ønskjeleg på alle moglege måtar at nemnda hadde valt sin metode før utskrivinga første mars. For då vart det ei rekkje korrigeringar etter nytakseringa, seier rådmann Jostein Aanestad.

130 av klagene gjeld påstandar om faktafeil, ting som går på storleik og alder på bygningane og om det er tilknyting til vatn og avlaup eller ikkje. Kommunen skriv at dei har gått gjennom fakta på nytt og at eventuelle feil vil bli retta. I nokre tilfeller har kommunen vore på nye synfaringar for å sikre at taksten blir rett.

Dei klagene som ikkje inneheld påstand om faktafeil blir handsama vidare av diverse nemnder før endeleg avgjerd.

Til toppen