Klar, ferdig, motbakkeløp for unge

Klar, ferdig, motbakkeløp for unge

Søndag er det klart for Vangane Opp, motbakkeløpet for barn og unge, men også for vaksne som torer å stille.

Vangane Opp blir arrangert i Lærdal komande søndag og er av dei få motbakkeløpa for barn og unge. ​

Det populære løpet blir arranger for sjuande gong og kring 100 personar brukar å ta turen opp avhengig av vêret, fortel Bjørghild Holien, leiar for Friidrettsgruppa i Lærdal IL. 

GLER SEG: Bjørghild Holien, leiar for Friidrettsgruppa i Lærdal IL ser fram til søndagens løp og håpar mange tek turen.
GLER SEG: Bjørghild Holien, leiar for Friidrettsgruppa i Lærdal IL ser fram til søndagens løp og håpar mange tek turen.

​– Ofte er motbakkeløp laga til på dei vaksne sine premissar, men Vangane Opp er tilrettelagt for barn og unge. Dei spring opp på kring ti minutt og er ofte raskare opp løypa enn dei eldre. Målet med løpet er å få ungane i aktivtet. Men sjølvsagt er alle som vil hjartleg velkommen til å stille på løpet anten med eller utan tidtaking, seier Holien. 

Løpet startar klokka 13, med påmelding på brua ved vassverket i Ofta frå klokka 12.30. Mosjonistar, unge og vaksne som ønskjer du å gå i eige tempo til Øvre Vangen, startar klokka 12.

På toppen har Barnas Turlag i Lærdal med seg bålpanne og gir moglegheit til å grille og slappe av på toppen etter målpassering. 

KOS PÅ TOPPEN: Etter målgang er det mogleg å grilla og slappe av på toppen av Øvre Vangen. Biletet er frå Vangane Opp i 2014.
KOS PÅ TOPPEN: Etter målgang er det mogleg å grilla og slappe av på toppen av Øvre Vangen. Biletet er frå Vangane Opp i 2014.

 

Til toppen