FEIRAR  EITT ÅR: Torsdag ettermiddag står Yvonne Romøren, leiar for Årdalsenteret klar for å starte feiringa. Foto: Ina Eirin Eliassen
FEIRAR  EITT ÅR: Torsdag ettermiddag står Yvonne Romøren, leiar for Årdalsenteret klar for å starte feiringa. Foto: Ina Eirin Eliassen

Klar for å feire eittåringen


Årdalsenteret slår til med storfeiring tre dagar til ende. 

Torsdag ettermiddag startar det. Årdal kulturskule og Lærdal kulturskule heldt konsert på senteret med song, ei god blanding av instrument og nokre gode gamle rockesongar for å nemne noko. 

Kake og danseføter 

– Det blir ikkje bursdag utan kake, seier leirar for Årdalsenteret, Yvonne Romøren medan ho ler. 

Derfor blir det servert kaffi og kake på kundane fredag ettermiddag. 

Like etterpå vil den lokale dansegruppa «Happy Feet» framføre funky hiphop og meir kjenslemessig dans. Gruppa består av unge dansarar frå 6-klasse og ut vidaregåande skule.

Ikkje kom stappmett

Laurdag føremiddag iviterar Coop Extra til brunsj med den no pensjonerte kjendiskokken Steinar Lindstrøm.

Kort tid etter brunsjen bør du ta med barna på eventyrstund med fruktservering på Utla Café og Bar.

– Me gler oss og vil dette skal vera ein møteplass for alle i Årdal og Lærdal. Alle er velkommen til feiringa, det er gode tilbod i butikkane og me håpar folk blir med på feiringa, seier Romøren.

Tevlingar

Heile dagen fredag køyrer senteret teiknetevlling med bord og teiknesaker for barn. Det gjer heller ikkje noko om du teiknar heime, berre du legg teikninga i eska som du finn på senteret. 

I tillegg er det ei fototevling på instagram som går gjennom heile helga. For å vera med, ta eit bilete frå feiringa og merk det med @aardalsenteret og #årdalsenteret.

– Laurdag klokka 15 kårar me vinnarane. To vinnarar av teiknetevlinga stikk av med gåvekort på 100 kroner kvar på Nille. Heng du deg på fototevlinga, er du med i trekninga av to kinobillettar, som Årdal kino står for, fortel Romøren

Takk til kundane

– Alle som handlar på Årdalsenteret torsdag, fredag og laurdag er med i trekninga av ein kurv med varer til 6500 kroner frå senteret. Dette gjer me for å gi attende til kundane som har brukt oss i løpet av året. Eg håpar det bidreg til at kundane vil vera med oss vidare på ferda, seier Romøren lurt. 

Til toppen