«Klar for å riva årdalsmuren»
meiningar
meiningar

«Klar for å riva årdalsmuren»

Les leiaren til dei to redaktørane i russeavisa til raudrussen ved Årdal vidaregåande skule.

MEININGAR: Å vera redaktørar i årets russeavis har vore ei stor oppgåve. Då me sette i gang prosessen, sat me med nokre tankar om kva den skulle innehalda. At den skulle handle om russen, altså oss, var jo opplagt.

I tillegg ville me gjerne at avisa skal ta opp spørsmål som opptek oss i Årdalssamfunnet vårt.

Alle kjenner til konflikten mellom Øvre og Tangen. For oss i raudrussen som er ei salig blanding av øvringar, tangingar og lærdøler, og som lever saman i harmoni, er det uforståeleg at andre i samfunnet vårt har skapt ein ”mur” mellom dei to tettstadane våre. 

Gjennom ein del av sakene i avisa har me forsøkt å ironisera over det som me ser på som ein tåpeleg konflikt. Saker som årdalsfotballen, helsehuset og handelsstanden har fått mykje merksemd dei siste åra.

Dette har, saman med diskusjonar i etterkant av kommunevalet i 2015, vist oss at konflikten lever i beste velgåande. Me i raudrussen vil denne konflikten til livs, og har eitt bodskap: Me er alle årdøler!

Prosessen frå idémyldring til ferdig avis, har vore veldig fin. Sjølvsagt kjente me på presset mot slutten, men me er nøgde med arbeidsinnsatsen og det endelege resultatet. Det håpar me at du blir også. 

Me er klare for å riva Årdalsmuren!

Redaktørane

Ida Jevnaker og Helene Johansen Vikøren

Til toppen