NØGDE DELTAKARAR: Her ser du nokre av dei som deltok på fjorårets Galdane rundt. Arkivfoto: Jan Christian Jerving
NØGDE DELTAKARAR: Her ser du nokre av dei som deltok på fjorårets Galdane rundt. Arkivfoto: Jan Christian Jerving

Klar for Noregs finaste terrengløp?

På treårsjubileet til Galdane Rundt, fyller attpåtil den nyrestaurerte Kongevegen over Filefjell 222 år. Her er alle uansett form eller ambisjonar velkomne til det arrangøren kallar Noregs finaste terrengløp. 

Lærdal: For tredje år på rad er det laurdag klart for Galdane Rundt, terrengløpet som er ein 8,7 km lang runde i kupert terreng.

– BLI MED!: Oppmodar Bjørghild Holien i arrangørgruppa for Galdane Rundt. Arkiv
– BLI MED!: Oppmodar Bjørghild Holien i arrangørgruppa for Galdane Rundt. Arkiv

– Mange trur det er så seriøst og alvorleg å stille på tid, men dette er eit løp som skal vera for alle, anten om du vil hevde deg i toppen, om du vil ta tida for din eigen del eller om du berre vil ta det heile som ein rundtur til fots, seier Bjørghild Holien, leiar i friidrettsgruppa i Lærdal IL og med i arrangørgruppa for løpet. 

Skal vera for alle

Rådmann i Lærdal Alf Olsen jr. har teke utfordringa frå Holien, og skal springe løpet på tid. No oppfordrar Holien deg til å utfordre andre til å delta på løpet. 

Alt no er det påmeldt folk frå Luster, Årdal, Aurland, Bergen, Hallingdal og Valdres. Og sjølv om mange ventar med å melde seg på til like før påmeldingsfristen, tykkjer Holien det er litt lite bygdafolk som meld seg til no. Kring 200 deltok på løpet i fjor, og til no er det påmeld kring 50. 

– Vil du stille i konkurranseklassen er det heilt klart enklare for oss om du melder deg på før løpet, sjølv om det går an å melde seg på også laurdagen. Dette blir ein fin avslutning på friidrettsesongen, seier ho.  

Som for 222 år sidan 

Holien sett stor pris på at arbeidet med restaureringa av brua i Galdane som skal kome i mål før terrengløpet, og rettar ein takk til sherpaar og andre som har lagt ned eit solid arbeid på Kongevegen-strekka, slik at den blir som for 222 år sidan.

No kan du vera av dei første som testar ut den nye konstruksjonen som er laga etter den gamle oppskrifta.

– Løypa er no enda finare enn i fjor, og me får så mykje positive tilbakemeldingar frå folk som alt har delteke tidlegare. Er du bekymra for vêret, har eg god tru på at regnet kjem først etter løpet, fortel Holeien som onsdag føremiddag merka løypa i sol.  

Les også: Her kjem ei unik bru på plass

Ikkje berre ein historisk veg

Start går frå Koret og fortsett ned til garden Seltun, før den svingar over ei bru forbi Galdane via Olavsklemma til Sjurhaugen kor løypa snur. Vegen attende får forbi Gravdalen og Gamle Seltaåsvegen til mål. Traseen er skjerma for trafikk og barnevenneleg. 

Både store og små mosjonistar startar klokka 12, medan konkurranseklassen startar klokka 13. Her blir det deltakarmedalje på alle, seidel til klassevinnarane og kongepokal til beste kvinne og beste man. 

Du kan melde deg på innan kvelden 23. oktober, eller før klokka 12 på løpsdagen mot eit tillegg i påmeldingsprisen. 

Du finn meir informasjon her. 

Til toppen