FINALEKLAR: Trenar for Kaupanger-damene, Øystein Lindesteg Rinde, trur dei vil vinna mot Fyllingsdalen søndag.
FINALEKLAR: Trenar for Kaupanger-damene, Øystein Lindesteg Rinde, trur dei vil vinna mot Fyllingsdalen søndag. (Bilde: Øyvind Nondal)

Klar for seriefinale søndag

Øystein Lindesteg Rinde og Kaupanger kan verte seriemeistar i 2. divisjon kvinner.

Sogndal: Etter at Kaupanger vann 2-1 over Haugar førre helg vart det klart for seriefinale på heimebane søndag.

Kaupanger ligg øvst på tabellen med 44 poeng, og like under kjem Fyllingsdalen med sine 43 poeng. 

Trenar Øystein Lindesteg Rinde seier til Porten.no at stemninga er god før kampen, og at dei hadde ei god treningsveke. Han håpar no på folkefest, og at folk møter opp og stør laget. 

– Vi vann 0-1 over Fyllingsdalen på bortebane, og eg trur vi vinn mot dei søndag seier Rinde.

Går alt rett veg kan Kaupanger spela kvalifikasjon mot Hønefoss og Tromsdalen. Vinnaren her vil rykkja opp til 1. divisjon for kvinner.

Har laga god plan

Trenar for Fyllingsdalen, Thomas Lyngbø, seier til Porten.no at dei har laga ein god plan, og reiser innover med god tru.

– Vi er god førebudd til kamp, og reiser inn for å vinna avsluttar han. 

Til toppen