Klar for tur i nærmiljøet?

Klar for tur i nærmiljøet?

Onsdag ettermiddag går turen Våkedlhaugen. Det markerar starten for onsdagsturane til Lærdal Turlag, som held på fram til hausten. 

For fjerde år på rad, dreg Lærdal Turlag i gang onsdagsturane. I år blir det både korte og lengre turar, med nokre nye plassar på programmet. Turane er spreidd over heile Lærdal kommune, to turar går til Årdal og to turar til Aurland i lag med Aurland Turlag. 

– For dei som har vore med på alle turane, er det greitt å sjå litt andre plassar også. Difor er det kjekt å også kunne gjera seg kjent i nabokommunane, fortel Anne Bøe, som er turleiar for nokre av onsdagsturane. 

For dei fleste

Turane er lagt opp slik at alle kan vera med og er eit lågterskelstilbod for å koma seg opp og ut av godstolen onsdag ettermiddag.

– Turane er for alle og me går i eit tempo slik at alle heng med. Me oppmodar alle til å vera med og å ta kontakt med Lærdal Turlag om du har spørsmål. Det er kjekt å vera i lag på tur, det er sosialt og det gir helsegevinst. Når ein først startar med å gå litt, gir det ofte meirsmak til fleire turar. Ein må jo begynne ein plass, seier Bøe lurt. 

Varierte turar

Lærdal Turlag startar med litt kortare turar til Våkedlhaugen, Kropp og Grøthedalen i Lærdal i april, der Brita Einemo er turleiar. 

– Det blir småturar med lette oppoverbakkar i starten til plassar i nærområdet som er kjent, men som kanskje ikkje alle har vore. Så aukar me på etterkvart. Det handlar om å koma seg ut og vera sosial, fortel Einemo. 

Det blir i tillegg nokre lengre turar til Kvamsdalen/Fosse, Husumstølen, som begge er i Lærdal, og til Hornsnipa på Aurlandsfjellet.

– Om du er medlem i Lærdal Turlag eller ikkje, sleg deg med for å oppleva naturen og bli kjent med andre lærdøler, oppmodar Einemo. 

Fullstendig program over turane finn du på Lærdal Turlag sine heimesider

 

Har du tips til hendigar og gode saker? Send på e-post til tips@porten.no, på SMS med kodeord PORTEN [di melding] til 1963 eller ring oss på telefon 480 13 131.

Til toppen