Klar tale frå aksjonsgruppa

Klar tale frå aksjonsgruppa

Det var klar tale frå aksjonsgruppa på det opne møtet i Tønjum kyrkje onsdag kveld; Preikestolen skal attende der den stod.

Lærdal sokneråd inviterte onsdag kveld til eit ope soknemøte i Tønjum kyrkje, der den framtidige bruken av kyrkja og fjerninga av preikestolen vart diskutert.

Preikestolen vart fjerna frå Tønjum kyrkje i midten av mars, og har enda ikkje kome til rette. Foreløpig ligg preikestolen innpakka i plast på eit lager på Lærdalsøyri.

Tidlegare kyrkjetenar Hans Hagheim, Halvard Eri, Inge Raa og Hans Oskar Tønjum har alle engasjert seg, og saman har dei sanka underskrifter for å få preikestolen attende.

«Tønjum kyrkje – kva no?»
Hans Oskar Tønjum tok tidleg ordet under møtet, og las opp brevet «Tønjum kyrkje – kva no? For salen, eit brev som aksjonsgruppa har sendt til Lærdal kyrkjelege fellesråd.  Brevet var underteikna av dei fire aksjonistane, og sett saman av mange minner og argument for å få preikestolen attende.

Hans Oskar Tønjum.
Hans Oskar Tønjum.

Noko av det aksjonsgruppa i stor grad reagerer på, er måten preikestolen vart fjerna på og prosessen rundt dette. Dei reagerer i stor grad på manglande informasjon om fjerninga, og set spørjeteikn ved fleire avgjerder.

– Lærdal kyrkjelege fellesråd, kvifor gjorde dykk dette? Og kvifor på denne måten? Reiv den den 200 år gamle preikestolen i Tønjum kyrkje, pakka den inn i ein presenning, transporterte den på Øyri og  plasserte den på eit lager hjå eit byggjefirma, utan å ha informert bygdefolket?

Meiner krav ikkje vart følgde
Lærdal sokneråd hadde fått løyve frå biskopen og riksantikvaren til å fjerne preikestolen, samt at prosten var informert. Likevel meiner aksjonsgruppa at det vart stilt nokre krav til fjerninga som soknerådet ikkje har følgt.

Biskopen og riksantikvaren sette som krav at det måtte vere eit sterkt lokalt ynskje om å fjerne preikestolen, og det er dette kravet aksjonsgruppa meiner at soknerådet ikkje har tatt omsyn til.

Artikkelen held fram under biletet

UNDERSKRIFTER: Aksjonsgruppa samla 375 underskrifter for å få preikestolen attende til Tønjum kyrkje, og underskriftene vart overlevert til Audun Mo onsdag kveld.
UNDERSKRIFTER: Aksjonsgruppa samla 375 underskrifter for å få preikestolen attende til Tønjum kyrkje, og underskriftene vart overlevert til Audun Mo onsdag kveld.

Aksjonsgruppa meiner at der ikkje har vore eit lokalt sterkt ynskje om å fjerne preikestolen, og at dei kan stadfeste dette med underskriftene dei har sanka inn. Tidlegare kyrkjetenar Hagheim overleverte dei 375 underskriftene til leiar av Lærdal sokneråd, Audun Mo, onsdag kveld.

Løysingsorienterte
Tønjum fortel at kyrkja i den seinare tid har vorte tilførd mykje positivt, og at de på mange måtar er ei meir open kyrkje.  Han meiner at kyrkja no har god kontakt med born og unge, og at desse i dag slepp meir til i kyrkja og i kyrkjelege tilstellingar.

– Me likar å høyre song og spel, og sjå dans og drama. Dette må me få til også i Tønjum kyrkje. For å gjere denne kyrkja meir funksjonell, kan ein ta vekk fremste kyrkjebenk eller flytte pianoet, ein lyt berre verre løysingsorientert.

Tønjum nemnte også dei tre andre kyrkjene i kommunen, og meinte at ein kan finne ei kyrkje som passar dei fleste tilstellingar. Tønjum påpeikte at dersom ein skulle trenge større plass, har Lærdal kommune eit stort og flott kulturhus ein kan nytte seg av.

Til toppen