ÅRDØL: Høgre politikaren meiner at ein reiselivsministar er nødvendig.
ÅRDØL: Høgre politikaren meiner at ein reiselivsministar er nødvendig. (Foto: Arkiv)

MEININGAR

Klar tale frå Klingenberg: – Me treng ein reiselivsministar

– Reiselivet kan vere med å påverke liva til menneskja som bur i landet vårt, og igjen ha positiv effekt på samfunnet som me bur i og som me sjølv er med å skape.

Meiningar: Samfunnet vårt heng saman, eller i allefall trur me at det heng saman eller at me tenkjer at det skal henge saman. No er ikkje reiselivet mi sterke side, men noko eg har lest om sidan eg i 2018 ville skape eit konsept inn mot reiselivet. Sett frå ein som ynskjer å løyse samfunnsutfordringar sitt perspektiv. 
 
Det største spørsmålet eg stiller meg sjølv er «korleis samfunn lev me i?». Stiller ein slike spørsmål, så finn ein alltid noko som kunne vore betre eller løysast på ein ny måte. Stiller ein spørsmål, så kan ein også sjå ting med andre auge, eller tenkje litt utanfor boksen. 
 

Klingenberg: – Det handlar om at alle drar i same retning

«Reiselivet kan og bør spille en viktig rolle for å nå FNS bærekraftmål. Dette er verdens felles mål for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikheter og stoppe klimaendringene innen 2030. Gjennom deltakelse i merkeordningen bidrar reisemål og kommuner rundt i hele landet til den globale dugnaden.»
 
Bærekraftig reiseliv. Bærekraftig utvikling. Det kom som ei stor overrasking på meg at reiselivet også dreia seg om samfunnet, sjølv om det eigentleg er ganske logisk. Grunnen til dette er fordi verda er full av menneskjer. Det er menneskjer som skapar og påverka samfunnet, og i fellesskap påverka verda. 
 

Klart treng me ein reiselivsministar.

Trude Klingenberg
Det handlar om å sjå heilskapleg. Etter slik eg ser det så kan reiselivet vere med å påverke ulike faktorar, og dei andre ministarane kan vere med å følgje dette opp. Det handlar om at alle drar i same retning. Det handlar om å finne ut av kva me ynskjer at Noreg skal vere og for kven? 
 
Sjølv har eg alltid vore opptatt av barnefattigdom. Usikkerheit rundt økonomi kan påverka den psykiske helsa, sosiale forhald og skuledagen og kunnskapen til dei små. Økonomi er med å skape ulikheitar. 
 
Reiselivet skapar opplevingar og minner. Eg trur at reiselivet kan vere med å påverke liva til menneskja som bur i landet vårt, og igjen ha positiv effekt på samfunnet som me bur i og som me sjølv er med å skape. 
 
Her er det fyrste avsnittet av eit lesarinnlegg som eg skreiv i juli 2018: «Eg skal ha. Eg må ha. Eg vil ha. I dag skal alt vere så perfekt i vår eiga lille boble. Samfunnet har endra seg. Ein treng ikkje alltid vente til jul eller bursdag for å få det ein verkeleg ynskjer seg. Helst no, med ein gong eller fordi alle andre har! Men kva med dei som ikkje har råd?».
 
Me skal passe på kloden vår til dei som kjem etter oss, men me skal også passe på menneskja som bur her. Så kanskje er ein reiselivsministar verdt eit forsøk? Eg trur det ville hatt ei meir positiv effekt enn ei negativ. 
Til toppen