900 METER OPP: Storehaugen Opp går frå  7 moh på Lærdalsøyri opp til mål på Storehaugen, 908 moh. Foto: Jan Christian Jerving
900 METER OPP: Storehaugen Opp går frå  7 moh på Lærdalsøyri opp til mål på Storehaugen, 908 moh. Foto: Jan Christian Jerving

Klar til å bryne deg på Storehaugen Opp?

For sjuande år på rad går motbakkeløpet Storehaugen Opp av stabelen i Lærdal. 

Friidrettsgruppa i Lærdal idrettslag ønskjer deltakarar velkomne til årets Storehaugen Opp. Motbakkeløpet blir arrangert Kristi Himmelfarstdag 14. mai. 

Dei første meterane frå start går på asfalt, før ein kjem over på stigen opp til Storhaugen, som ligg på 908 moh. Løypa er på 3,7 km og har ein stigning på nær 25 prosent. 

Artikkelen held fram under biletet

POPULÆRT: PÅ Storehaugen Opp i 2014 deltok over 400 personar fordelt på konkurranse- og mosjonsklassa. Arkiv
POPULÆRT: PÅ Storehaugen Opp i 2014 deltok over 400 personar fordelt på konkurranse- og mosjonsklassa. Arkiv

– Er du mosjonist kan du starta mellom klokka 9.30 og 12. Startskotet for dei som vil springe på tid er klokka 13. Ein må vera fylt 15 år inneverande år for å kunne delta på tid, fortel Bjørghild Holien, leiar for friidrettsgruppa i Lærdal IL. 

Noregs beste fjellgeiter

I fjor deltok 118 løparar på tid og 300 stykk i mosjonsklassa. 

KLART FOR LØP: Bjørghild Holien, leiar i friidrettsgruppa i Lærdal IL, under fjorårets Storehaugen Opp. Arkiv
KLART FOR LØP: Bjørghild Holien, leiar i friidrettsgruppa i Lærdal IL, under fjorårets Storehaugen Opp. Arkiv

– Storehaugen Opp engasjerer folk frå Lærdal, Aurland og Årdal i tilegg til eliteløparar frå heile landet, fortel Holien, som ønskjer deltakarar vel møtt til årets løp. 

I fjor sette Stian Hovind-Angermund frå Varegg ny løyperekort med tida 31.18 minutt. Han var også førstemann til å melde seg på til årets løp.

Ny løyperekort for kvinnene sette den norske langdistanseløparen, Kirsten Marathon Melkevik,  med tida 37.24 minutt i 2013.

Startar på Lærdalsøyri

Både parkering, sekretariat, garderobar og kafè finn du på Lærdalsøyri skule. Fristen for påmelding er før midnatt 12. mai, men det er også høve til å melde seg på inntil ein time før start på løpsdagen mot eit tillegg på 100 kroner. 

Premiering blir det også, mellom anna i konkurranseklassa og for løyperekort, til alle i 15 årsklassa og alle over 70 år. 

For meir informasjon, sjekk ut heimesida til Storehaugen Opp

Til toppen