I Galleriet i Gamlegata på Lærdalsøyri er Grøttebø i full sving torsdag kveld for å få på plass ny kunst til julemarknaden.
– Julemarknaden er jo noko nytt. Då passar det med ny utstilling, seier Grøttebø.

Mykje å velje frå
Han har enno ikkje heilt klart kor mange eller kva bilete som skal få plass på utstillinga. Fredag fann Grøttebø ut at han også må ta i bruk galleriet han har på Løytnantsbryggja for å få plass til alt.
Grøttebø beskriv kunsten sin som ei blanding mellom abstrakt og naturmotiv, der nokre er i oljemåling mens andre er i akryl. Det går mykje i landskapsmotiv frå både Årdal og Lærdal.

– Kva gir det deg å måle?
– Det gir meg mykje. No som eg er pensjonist brukar eg mykje av dagen på å måle. Eg starta å måle på 1980-talet, som ei god avkopling og rekreasjon i ein hektisk kvardag som politi. Spesielt når eg har stått i tunge politisaker har det hjelpt meg mykje, fortel han.
Blir til undervegs
Motiva som alt heng opp i Galleriet gir Porten.no ei kjensle av fred og ro. Grøttebø sine motiv blir til undervegs. Han kan sjå eit fjellmotiv, så blir det liggande i bakhovudet, før han måler det ut på lerret.
Salsutstillinga har ope under helgas julemarknad i Lærdal.
