Klare for å bli skuleborn

Klare for å bli skuleborn

Tysdag var det felles innskriving for dei nye 1. klassingane i Lærdal.

Spente 6-åringar, foreldre og besteforeldre var samla i Storstova på Lærdalsøyri skule då kommunen hadde invitert til felles innskriving for dei komande 1. klassingane. 

– Innskrivingsdagen er vanskeleg å hugsa, sa ordførar Jan Geir Solheim i talen sin, men påpeikte at første skuledag er ein dag alle hugsar. 

STOR DAG: Innskrivingsdagen er kanskje ikkje den ein hugsar best, men første skuledag hugsar alle, sa Solheim.
STOR DAG: Innskrivingsdagen er kanskje ikkje den ein hugsar best, men første skuledag hugsar alle, sa Solheim.

No ventar ti års skulegang på denne gjengen som altså ikkje er ferdige før i 2025. Ein av hovudreglane dei får med seg frå første stund er at dei må vera snille og greie mot kvarandre.

Solheim fortalte vidare at han hadde ei streng mor, om skulegangen sin og tankane hans om han var flink nok på skulen.

– Eg har jobba som lærar i åtte år. Det var kjempekjekt, og til dei komande 1. klassingane vil eg seia at de er dei viktigaste personane i Lærdal. De er framtida, heldt Solheim fram.

I barnehagen er det mykje song og glede. Det fekk ein oppleve då 6-åringane høgt og tydeleg song før dei avslutta med ein soltrall.

Frå Borgund barnehage hadde Jenny Gerd Liøen med seg to av tre ungar som skal byrja på skulen til hausten. 

– Me har blant anna øvd på å halde blyanten, halde linja, og me skal, som god avslutningstradisjon i barnehagen, besøka Gram gardsysteri på Borgund, fortalte Liøen.

SONG: Torfinn Grøttebø med visesong.
SONG: Torfinn Grøttebø med visesong.

Som ei avslutning på seansen song rektor på Borgund skule, Ingebrigt Davig, sin song «Fyrste skuledagen», medan leiar for kultur og oppvekst i kommunen, Torunn Liltvedt, las diktet «God tur, skolepike».

Elevane som skal starta skulegongen sin frå hausten av frå Borgund er: Johanne, Lukas og Håvard (var ikkje til stades i kveld).

Frå Ljøsne: Daniel, Ola, Oliver, Mathilda, Silje og Anna. 

Frå Lærdalsøyri: Odne, Nila, Anna, Kristine, Andreas, Line, Vegard, Kamilla, Mattis, Mikkel, Iris og Ida Linnea, som ikkje var til stades i kveld.

Til toppen